Guru
Innlegg: 8387
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Spennende Fotballstatistikk for Geeks

Legg inn av Guru » tir sep 19, 2017 12:27:41

Sjølvsagt har eg til eikvar tid liggende ei prognose som viser korleis eliteserien skal ende. Den er veldig enkel og baserer seg på at alle lag fortsetter i den forma dei er i. Aalesund er som kjent i dårlig form. Vi forventer 0,45 poeng per kamp framover og vil med det ende på 29 poeng. Det virker i minste laget. Etter 10 runder sikta vi mot sølv og 62 poeng... Det var tider.

Her er heile prognosa:

1.Rosenborg 66
2.Brann 57
3.Molde 52
4.Sarpsborg 51
5.Haugesund 50
6.Odd 44
7.Strømsgodset 44
8.Sandefjord 43
9.Stabæk 40
10.Lillestrøm 38
11.Tromsø 32
12.Kristiansund 31
13.Aalesund 29
14.Sogndal 28
15.Vålerenga 28
16.Viking 20


Sett sånn. Til min overraskelse sikter vi mot sikker plass.

Eg tolker sjølvsagt ikkje dette til at vi skal skli inn til 29 poeng og berge plassen. 29 poeng er for lite. Vi rykker rett ned med 29 poeng. På slutten kjem fleire av botnlaga til å få eit oppsving. Vår jobb er å sørge for at vi er eitt av desse. Tabellen over er ein påminnelse om at vi ikkje er åleine om å slite. Vi, Viking og Vålerenga (dei 3 V'ane) er antakeligvis laga som var minst forberedt på det. Det er ei psykologisk belastning i seg sjølv. Vålerenga har den aller største børa på skuldrane. Tenk om dei rykker ned med Deila og nystadion... Tromsø var nok heller ikkje forberedt på å sprelle i botnen, men dei har i alle fall mykje fersk erfaring frå den delen av tabellen. Og dei havna i gjørma såpass tidlig at dei allereie har gjort grep som virker å justere kursen i rett retning. VIking har også gjort grep. Store grep i stallen. Men dei virker ganske fortapt. Veldig sannsynlig at dei tar den eine av dei to nedrykksplassane.
Nokon veit bedre enn andre

Svar