Svar
Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av Guru » ons nov 07, 2018 12:38:27

Denne tråden har eg gnaga litt på heilt sidan Bjørn Helge gjekk til Sogndal i sommer. Tenkte berre vente til sesongen var over. Men dagens artikkel i Sunnmørsposten gjer den plutselig dagsaktuell

For utgangspunktet vårt er at vi liker lokale talent. Også trenertalent. Trond Fredriksen - med 3 års eliteserietrenererfaring - kan faktisk kallast det. Han blei kasta tidlig ut i det, og endte opp med å få sparken av sine venner. Kjedelig. Men det treng ikkje å vere trenerslutten for han, verken i Ålesund eller Aalesund. Det kan godt tenkast at han i nær eller fjern framtid kan bli nyttig for klubben igjen. Enten direkte involvert i oransje, eller i ein av naboklubbane. Uansett er det fornuftig og sikkert nødvendig å få fart på karriera igjen ein anna plass.

Tilfellet Bjørn Helge er litt annleis. Det var venta at han var komen heim for å spele seg ferdig og bli trener i klubben. Slik gjekk det ikkje. Han reiste til Sogndal for å få speletid. Det var det lite av her, og det var tydeligvis ikkje plass i trenergruppa heller. Det skal seiast at mange gode folk er komne inn der det siste året, men samtidig er Bjørn Helge ein mann det hadde vore kjekt å ha med.

Det er lett å sjå på Trond som ein med ankeret godt planta i Ålesund. Å sjå for seg at dersom han reiser ein annan plass for å få seg trenerjobb, så kjem han tilbake når anledninga byr seg. Litt meir usikkert når det gjeld Bjørn Helge. Han har berre bodd her nokre år og er vand med å flytte. Om han først reiser er det mindre sannsynlig at han kjem tilbake. Han har sjølvsagt halvvaksne ungar han og, men mange trenarar har flytta rundt på dei før han.

Og no er trenerjobben i Brattvåg ledig. Saman med den i Hødd er det plassen der ein trener kan bevise dyktigheten sin. Karl Oskar Fjørtoft forsvant ut på merkelig vis. Etter han gjekk ut i avisa var det ikkje rart det gjekk som det gjorde, men det er vanskelig å vite kva som skjedde i forkant. Uansett "erfarer Sunnmørsposten" at både Trond og Bjørn Helge står på blokka til Brattvåg. Og "blokka til Brattvåg", det er "blokka til Hoff", det. At dei står der kunne eg og ha sagt. Det ville ha vore tjenesteforsømmelse å ikkje ha dei der. Spørsmålet er kor mange som er aktuelle, og korleis klubben prioriterer. Eg håper at ein av dei får og tar jobben. For sunnmørsfotballen si skuld.

Avisa har sjølvsagt snakka med begge to. Begge seier at dei ikkje har vore i kontakt med Brattvåg. Og begge kan vere interessert i jobben. "Spelende trener" er ikkje aktuelt for Bjørn Helge, så han må først bestemme seg om det blir det eine eller andre. Så då er det berre å lene seg bak og vente på kva det blir til. Om vi har plass til tankar som ikkje inkluderer Strømmen.



https://www.smp.no/100Sport/fotball/Rii ... 4121b.html
Nokon veit bedre enn andre

Abderrazak Matzerath
Innlegg: 865
Registrert: tir apr 02, 2013 13:14:30

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av Abderrazak Matzerath » ons nov 07, 2018 13:26:29

Fredriksen som trener, Riise som kaptein, John Arne Riise gjør comeback. :mrgreen:

gaddag
Innlegg: 1818
Registrert: ons apr 01, 2015 20:54:18

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av gaddag » ons nov 07, 2018 17:44:12

De bør jo da gjøre sine saker bedre enn Karl Oscar. Han klarte jo først opprykket og så holdt han de i 2 div.
Legg til at de slo Målle ut av cupen og rystet RBK.
Nestemann vil få en tøff jobb med å toppe dette.

Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av Guru » fre des 07, 2018 09:02:31

https://www.smp.no/100Sport/fotball/Tid ... 5700b.html

Då ser det ut til at Trond er aktuell for retur til treneryrket. I obos.
Nokon veit bedre enn andre

Brehme
Innlegg: 2909
Registrert: tor mar 07, 2013 09:00:25

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av Brehme » fre des 07, 2018 10:49:15

Blir en fin utfordring dette. Ull/Kisa kan være det neste laget som lukter på ES-spill, selv om de neppe har ambisjoner om å etablere seg der. Sikkert fornuftig å ta steget bort fra Aafk og Sunnmøre, og få nye impulser.

1aafk
Innlegg: 465
Registrert: tor jul 27, 2017 22:58:40

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av 1aafk » fre des 07, 2018 19:56:27

Får da berre håpe at Aafk ikkje møter Ull Kisa neste sesong..............

jast
Innlegg: 1001
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av jast » fre des 07, 2018 21:50:13


Vatnebygder
Innlegg: 3179
Registrert: tir aug 02, 2005 22:10:38

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av Vatnebygder » fre des 07, 2018 22:19:07

1aafk skrev:
fre des 07, 2018 19:56:27
Får da berre håpe at Aafk ikkje møter Ull Kisa neste sesong..............
Og hvorfor skal Aafk frykte Ull/Kisa? Og hva har Trond Fredriksen å vise til da av sportslig suksess som trener?
Svaret er ingenting, heller det motsatte. Det er derfor Aafk akkurat nå spiller i OBOS-ligaen.
Men for TF sin trenerkarriere videre, så er det ikke sikkert at det var ett dårlig klubbvalg. Men han er avhengig av å vise resultater der også.

1aafk
Innlegg: 465
Registrert: tor jul 27, 2017 22:58:40

Re: Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund

Legg inn av 1aafk » lør des 08, 2018 14:14:05

Vattnebygder.......... Trur ikkje du forsto det eg meinte med mitt innlegg...... Skriv det en gang til: FÅR BERRE HÅPE AT AAFK IKKJE MØTER ULL/KISA NESTE SESONG.......... Det blir bestemt i morra, vi får berre håpe at Aafk IKKJE møter Ull/ Kisa neste sesong!!!!!!!!!!! Eg skriv ikkje at Aafk frykter Kisa, ei, heller TF. Elles er eg samd i at vi ønsker Trond lykke til.........

Svar