Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » man nov 26, 2018 09:53:01

Vi er forbi første hinder. Nest-Sotra; hinderet vi ikkje skulle rive, men som vi likevel var nervøse for. Vi starta kampen godt. Mykje bedre enn vi har hatt for vane. Så roa det seg ned. Men vi var uten tvil det førende laget. Utan at vi heilt kan seie at vi hadde kontroll. Vi sleit med å lage gode sjanser, samtidig som Nest-Sotra som forventa stadig vekk var i nærheten av å få til noko. Heldigvis gjekk det som det gjorde. Pape "heada" inn eit litt tilfeldig mål. Det er ofte slik det går. Laga produserer spelet, det skaper ein sjansestatistikk og ein tilfeldighet gir tellende resultat. Det kunne ha gått begge vegar, men det var fortjent at det gjekk vår veg. Så kan ein sjølvsagt argumentere at vi slapp Nest inn i Sotra på slutten og at dei var fryktelig nær å utligne. Men det er uinteressant no. Vi vant. Torsdag og Sogndal er det einaste som er av interessse.

Dermed er vi inne i noko som ligner på ein stim. Tre strake sigrar. Ingen innslepte mål. 4-0, 1-0 og 1-0. Levanger, Strømmen og Nest-Sotra. Sogndal er eit hakk opp. Det er heilt greitt. Såpass må vi klare. I motsetning til Nest-Sotra er dei det vi vil kalle ein jamnbyrdig motstander. Der det ville ha vore ei flau fadese å tape mot Nest, så er det ein heilt reell mulighet å gjere det mot Sogndal. Vi er favorittar i denne kampen og, men berre marginalt. Alt kan skje. Om vi får ut det i rett innsats, rett tenningsnivå, rette valg og rett flaks, så går det bra. Det er i alle fall ingen grunn til å ta sigeren på forskudd. Her må vi ut på bana og gjere oss fortjent til det.

I dag, i morgon og onsdag er det kvile. Litt trening, mest restitusjon. Til gårsdagens kamp hadde vi to veker å forberede oss, på godt og vondt. No handler det berre om å bli kampklar. Om å legge den rette planen. "Aldri forandre på eit vinnerlag," seiest det. Likevel gjorde vi to endringer frå Strømmen til Nest. Kaj var tilbake etter skade og tok plassen frå Jonas. Adam var endå litt friskare etter si skade, og fekk att høgrekanten frå Nikola. No er det Aron vi lurer på. Han gjekk av med ei hand på låret i andre omgang. Det kan gå fint, men det kan og bety at han er fullstendig uaktuell. Vi håper på det første, sidan han er noko for seg sjølv i laget vårt. I går fekk han mykje plass og tok med seg ballen i alle retninger. God kamp.

Ellers var det mange som kan få litt pluss. Sondre var skikkelig påskrudd. Jørgen starta i alle fall godt. Oddbjørn ville heilt klart vinne. Fredrik er sjefen vi treng og styrer laget. Andreas fekk vist fram styrkene. Kaj og Daniel var solide. Adam klarte ikkje å revolusjonere kantrollen, men kom i alle fall på dei rette løpa etter kvart. Holmbert var mindre synlig enn vanlig. Og då er det berre Pape som står att. Målskåreren. Banens beste i følge Sunnmørsposten. Som fortsatt ikkje får stående ovasjonar frå Lars. Og det går det an å forstå. For han er ikkje ein ferdig fotballspeler. Drillo lærte oss å notere både pluss og minus i boka. Pape skårer høgt på begge. Han er ingen Torbjørn, og Torbjørn er heller ingen Pape. I går var han aller best i perioda etter 1-0. Muligens fekk han ein ekstra boost av målet. Meir sannsynlig opna det seg meir rom, noko som han er flink å utnytte. Eg trur ikkje nokon ønske å møte han i ein-til-ein-duell med berre målet og målmannen bak seg.

Og litt om korta. Det viser seg altså altså at vi er nullstilt før kvalifiseringa. Samtidig er to kort nok til å måtte stå over ein kamp. Dermed er både Kaj og Andreas i faresonen. Vi har gode og velprøvde erstattarar for Kaj, men Andreas bør unngå fleire kort. Vi har riktignok ein andrekeeper, men av for meg ukjente årsaker var han ikkje med i går. Etter han har vi ein junior, som no er nærare A-laget enn han nokon gong har vore. Lars blei sendt på tribuna. Det betyr nok at han blir verande der mot Sogndal og. Andrea og Frank får styre laget. Satser på at dei er like flinke til det.

I utgangspunktet starter vi med dei same 11 mot Sogndal som mot Nest. Men vi må i alle fall ha ein plan B i tilfelle Aron ikkje blir klar. Det enkle og mest sannsynlige er å sette Nenass rett inn. Jens Petter blei henta inn for å vere eit alternativ i denne rollen, men har knapt fått speletid. Han er ein kreativ speler og eit spennende alternativ. Å satse på han på midten kan føre til både geni- og idiotforklaring, alt etter korleis det går. Det er også mulig å legge om til 3-4-3, med Sondre og Fredrik åleine sentralt. I så fall kan både Jens Petter og Torbjørn vere aktuelle spelarar i fremste rekke. Vi må også tenke på overskotet til spelerane. Nokre var slitne i går. Tre dagar skal vere nok til bortimot 100% restitusjon. Men er det likevel nokon på benken som har litt ekstra å gi? Jonas, Ståle, Nikola og Torbjørn står fremst i køa med friske bein. Alle føler seg heilt sikkert klare.

Uansett: Tipper laget blir som i går. Med Nenass inn dersom Aron ikkje blir klar.


Sogndal er faktisk eitt av laga vi veit litt om. Men alt i alt kan vi summere det opp i eitt navn: Bjørn Helge Riise. Det var kontroversielt at han fekk gå til Sogndal i august. Sjølv om det såg svart ut med store mengder speletid hos oss. Det skulle likevel ikkje øydelegge opprykket for oss. Det vil eg heller ikkje påstå at det gjorde, sjølv om han absolutt spelte sin rolle då dei slo oss for nokre veker sidan. Det klarte vi godt heilt åleine. Han har heilt sikkert veldig lyst å spele ein viktig rolle på torsdag og. Eg tipper han har ein plass i hjertet til Aalesund, men vi får verken hjelp eller sympati under kampen av den grunn. Han har eit vinnerinnstinkt som virker. Vi må berre gjere det bedre enn han og det nye laget hans. Kanskje klarer vi til og med å opparbeide litt ekstra lyst til å slå han? Det burde ikkje vere nødvendig. Det er nok av grunnar til å slå Sogndal. For å rykke opp, sjølvsagt. For å ta hevn etter irriterende 0-2. For å gjere opp for at dei stal kvalikplassen vår i fjor, og så kasta den ut av vinduet mot Ranheim. Og fordi dei i stadig større grad er eit lag eg har lyst å slå. I utgangspunktet er dei ein klubb det er lett å ha sympati for. Liten klubb, små ressurser, lokale helter. Men det er få lag eg misliker så mykje etter å ha møtt dei som Sogndal. Få lag som speler så kynisk som dei. Det er sjølvsagt ein del av pakken, men å møte slikt er berre frustrerende. Og den frustrasjonen har eg tenkt å gjere om til seier til dei oransje. Lokale heltar? Det er 10 år sidan. No er det langt mellom dei. Dei har vel stilt med sin første kamptropp utan spelarar frå Sogn og Fjordane. Det var nok forresten verre i fjor enn i år.

Dyngeland
Latifu Fredriksen Steiring Totland
Mandic Riise Birkelund Schulze
Haugen Flo

Soltvedt for Mandic etter 61
Kjemhus for Flo etter 66
Rutlin, Wæhler, Baranov, Jensen og Adams på benken


Dette var laget som vant i går. Sigurd Haugen er toppskårer og laga målet på overtid i går. Passe oss for han. Latifu kjenner vi godt. Birkelund har laga mål mot oss før. Kort sagt mange kjente navn. Har vel sagt det tidlegare; Det er ikkje nødvendigvis nokon samanheng mellom kor kjent navnet til speleren er og kvaliteten på han. Men det er i alle fall lettare å gi respekten dei fortjener. Kanskje til og med for mykje.

Sist vi møtte dei slapp vi inn eit mål etter 48 sekund. Det gjorde det i fjor og. Begge kampar på bortebane. På torsdag er ikkje det aktuelt. Då starter vi kampen i tide. Og gir alt vi har. Treng ikkje meir enn det. Men det må vi også gjere.

Sjåast på stadion!!
Sist redigert av Guru den man nov 26, 2018 12:45:01, redigert 1 gang totalt.
Nokon veit bedre enn andre

Superfly
Innlegg: 56
Registrert: man jul 31, 2017 18:26:04

Re: Opprykksenifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Superfly » man nov 26, 2018 12:40:16

Å ha Nenas og Carlsen på banen samtidig er helt håpløst (men vi har vel ingen alternativ). To arbeidshester som kun slår enkle innsidepasninger - helst bakover. Med Thrandarson (vår eneste kreative spiller) ute resten av sesongen, er det bare å glemme opprykk. Så enkelt er det. Flaks kan holde i en kamp - ikke 4!!

F.I.L.
Innlegg: 3699
Registrert: tir apr 10, 2007 10:58:41

Re: Opprykksenifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av F.I.L. » man nov 26, 2018 12:47:01

Jeg vil absolutt ikke kalle det flaks at vi vant i går. Det var en høyst rettferdig seier, selv om Nest kom veldig nær en gang. Jeg er på ingen måte fornøyd med det vi presterer, spesielt etter utvisningen til Nest. Men likevel, vi vant fortjent i første kamp av 4.

Orange
Innlegg: 1267
Registrert: man feb 04, 2002 14:21:41

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Orange » man nov 26, 2018 14:29:46

Er Thrandarson ute resten av sesongen? I så fall er det krise.

Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » man nov 26, 2018 14:42:39

Orange skrev:
man nov 26, 2018 14:29:46
Er Thrandarson ute resten av sesongen? I så fall er det krise.
Ingen av oss veit noko om det. Det var sagt etter kampen i går at det var uvisst kor alvorlig det var. I dag er det meg bekjent ikkje sagt noko. Det er lett å tenke lårstrekk når han går av på den måten. I så fall ryker det fort eit par veker. Men ingen har sagt at det er lårstrekk. Og det er mange andre grunnar til å ha vondt i foten.

Håper veldig han er med. Men samtidig har vi 11 spelarar uansett. Det er dei vi fokuserer på.
Nokon veit bedre enn andre

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 353
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Even beinløs » man nov 26, 2018 17:39:35

er eg pessimit når eg spår at det blir selveste Bjørn Helge Riise som stopper oss?
Ville ikke det være typisk?

weasel
Innlegg: 923
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av weasel » man nov 26, 2018 20:26:51

Ja, det ville vært typisk. Du kan regne med at han er rimelig motivert for å slå oss ut.

MyckeMus
Innlegg: 2078
Registrert: man sep 26, 2005 23:08:56

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av MyckeMus » man nov 26, 2018 20:50:07

Kvalik er bingo uansett hvem vi møter. Sogndal hadde flaks x2, fikk tvilsomt mål UK-mål annullert og mulig offsidemål på overtid. Stang inn/ut avgjør.

JacobScreek
Innlegg: 2623
Registrert: ons mar 29, 2006 23:46:19

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av JacobScreek » man nov 26, 2018 22:44:22

Vi blir nødt å vinne denne...
For jeg har nemlig ordna meg slik at jeg kjører 63 mil mot CLS slik at jeg får med meg hjemmekampen på CLS søndag 9.desember - og dermed også opprykksfesten samme kveld!!!

AaFK - gjør (for pokker!!!) noe med deg...

Øggen
Innlegg: 281
Registrert: søn jul 31, 2016 01:33:33

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Øggen » man nov 26, 2018 23:01:04

Guttungen har bursdag, men har fått disp.
Gutt 11 år: "Pappa, viktig å prioritere hobby"

He tydeligvis gjort nokke rett...
Øss sjåast på kamp....

Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » tir nov 27, 2018 10:48:33

Orange skrev:
man nov 26, 2018 14:29:46
Er Thrandarson ute resten av sesongen? I så fall er det krise.
Tirsdag formiddag.
Ingen informasjon på aafk.no.
Ingen informasjon på smp.no.

Velger å tolke det med håp, kanskje til og med som ein positiv bekreftelse. Men det er berre fordi eg er positiv. (Innbiller meg at Sunnmørsposten er på ballen og ville sagt frå om det var håplaust.)
Nokon veit bedre enn andre


Superfly
Innlegg: 56
Registrert: man jul 31, 2017 18:26:04

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Superfly » tir nov 27, 2018 19:06:40

Og ingen erstatter å sette inn for Thrandarson. Må nesten le av denne farsen av en spillerlogistikk. Den defensive orienteringen har lagt som en klam hånd over laget i hele år. Nå får Aafk som fortjent.

Superfly
Innlegg: 56
Registrert: man jul 31, 2017 18:26:04

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Superfly » tir nov 27, 2018 19:32:10

Det er så lett å forutsi hvordan denne kampen vil arte seg. Vi kommer til å åpne friskt. Men etter 13 minutter vil de defensive genene ta over. Og resten av kampen blir en baktung affære. Så kommer Sogndal til å score. Og vi vi svarer med håpløse innlegg fra litt over midtstreken. Vi kommer til å produsere omtrent 2 måltjangser. Amen

Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » tir nov 27, 2018 21:22:45

Øggen skrev:
tir nov 27, 2018 18:32:53
Uaktuell.....

https://www.smp.no/100Sport/fotball/Thr ... 5217b.html

Jaja, meget synd. Men meir energi treng vi ikkje bruke på det.

Lars nevner Jens Petter, Nenass og Ståle som mulige erstattarar. Eventuelt Fredrik dersom vi flytter Daniel opp eit hakk.

Alle dei nevnte har litt ulike styrker. Uansett kva vi måtte velge, så er det viktig å beholde den offensive innstillinga som Aron har. Jens Petter er kanskje den som har mest av det same; evnen til å overraske, gjere noko uventa, sjå det som dei andre ikkje ser. Men det er sjølvsagt ein svakhet at han har fått veldig lite speletid i haust. PS: Det er Sogndal vi snakker om. Skal vi vinne fotballkampen, så er det ein fordel å vinne slostkampen.

Eit alternativ han ikkje nevnte var 3-4-3. Det treng ikkje bety at han ikkje tenker på det.
Nokon veit bedre enn andre

weasel
Innlegg: 923
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av weasel » tir nov 27, 2018 22:13:08

Vi har slått sogndal i tidligere kvalik, har vi ikke?

F.I.L.
Innlegg: 3699
Registrert: tir apr 10, 2007 10:58:41

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av F.I.L. » tir nov 27, 2018 23:47:39

Jo det har vi, under Rekdal, den sesongen han tok over laget. Vi kom på kvalik i Tippeligaen, mens Sogndal fikk æren av å spille mot oss, altså fra Adecco.

Men, vi har vel ikke vunnet mot Sogndal på 5 år??? Da er det piska dausen med på tide å slå det der bygdelaget.

kazzi
Innlegg: 367
Registrert: lør apr 12, 2014 09:49:34

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av kazzi » ons nov 28, 2018 09:20:28

Har troa!
Vi vinner!
Gretarson scorer på corner, mens holmbert setter inn en suser fra 17-18 meter. 2-0 og kampen er slutt.
''Sosselaget'' fra Bærum neste!
Kjør, kjør!

Brehme
Innlegg: 2909
Registrert: tor mar 07, 2013 09:00:25

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Brehme » ons nov 28, 2018 09:54:17

Guru skrev:
tir nov 27, 2018 21:22:45
... dersom vi flytter Daniel opp eit hakk.
Det er reservert plass på Gaustad, fire personer i hvite frakker vil hente deg umiddelbart.

Brukeravatar
AaFKforEVIG
Innlegg: 279
Registrert: lør mar 08, 2014 13:55:26

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av AaFKforEVIG » ons nov 28, 2018 10:34:13

Brehme skrev:
ons nov 28, 2018 09:54:17
Guru skrev:
tir nov 27, 2018 21:22:45
... dersom vi flytter Daniel opp eit hakk.
Det er reservert plass på Gaustad, fire personer i hvite frakker vil hente deg umiddelbart.
Hent LB i samme slengen da, siden det er hans uttalelse.

Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » ons nov 28, 2018 11:56:09

Brehme skrev:
ons nov 28, 2018 09:54:17
Guru skrev:
tir nov 27, 2018 21:22:45
... dersom vi flytter Daniel opp eit hakk.
Det er reservert plass på Gaustad, fire personer i hvite frakker vil hente deg umiddelbart.
Av alle alternativa Lars var sitert på, så er dette det eg håper minst på. Fredrik kan heilt sikkert gjere ein flott jobb som indreløper, men vi har ingen som kan ta ankerjobben hans. Utfrå sine eigne styrker og svakheter har han gjort jobben til sin. Han fyller den, og er sentral i laget.
Nokon veit bedre enn andre

jast
Innlegg: 1001
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av jast » ons nov 28, 2018 14:09:44

Skeptisk, det var jo Sogndal som snøt oss for kvalifiseringen i fjor med kalas seieren over VIF i siste runde. Men men på kamp skal jeg.

1aafk
Innlegg: 465
Registrert: tor jul 27, 2017 22:58:40

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av 1aafk » ons nov 28, 2018 14:49:34

Vi får vel håpe på hjelp frå høgare makter, har faktisk lite tru på dette...............

Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » ons nov 28, 2018 15:26:27

60/40-fordel oss.

Eller 55/45 om du vil.

Vil du vere vanskelig kan du seie 40/60.

Det handler uansett berre om ein enkelt ting; Kven lager flest mål? Som ein også kan skrive om til "kven slepp inn færrast?" Bak dette enkle resultatet ligg det mykje. Ikkje minst tilfeldigheter. Men tilfeldigheitane går oftast til fordel for den som fortjener du. Dei som har mange skudd får av og til sære mål. Eit øyeblikks magi kan avgjere. Eller eit øyeblikks hjerneblødning. Endå djupare ned finn vi vinnervilja. Innvollane. Beinstumpane. Det som får oss til å ofre blod og tårer, våre eigne og andre sine. Som får oss til å nekte anna enn å vinne kvar einaste duell, kvar einaste ball. Denne gongen skal vi springe om så vi har krampe, takle om det svartner for oss og redde kvar einaste umulige ball.

Eg er glad skribentane her ikkje skal spele kampen. For spelarar som går ut på bana og trur dei skal tape, dei taper. Heldigvis sit vi på tribuna. Der gjer vi vår jobb. Lager leven, dytter gutane framover, pisker dei heim, minner dei på at dei skal jobbe. For ikkje å snakke om at vi er korrekset dommeren får når han treng det.

Kampen er ikkje avgjort endå. All makt er i våre bein.
Nokon veit bedre enn andre

AsE987
Innlegg: 1411
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av AsE987 » ons nov 28, 2018 17:22:53

Spår en elendig og kjedelig kamp som går til straffesparkkonkurranse.
Litt bingo hvem som evt vinner den.

Arcturus
Innlegg: 3636
Registrert: man sep 16, 2002 11:33:32

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Arcturus » ons nov 28, 2018 20:19:47

Spår kynisk og bedritent spill på alle måter av Eirik Bakkes gjeng..
Håper våre gutter går utpå med håret på brystet og blør for drakta.

Superfly
Innlegg: 56
Registrert: man jul 31, 2017 18:26:04

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Superfly » ons nov 28, 2018 21:31:13

Håper AaFK spillerne ser på PSG - Liverpool. Da kan de om ikke annet lære noe om innsats. Men tviler - tror faktisk ikke de evner. Blir vel baktungt og dødt.

1aafk
Innlegg: 465
Registrert: tor jul 27, 2017 22:58:40

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av 1aafk » ons nov 28, 2018 23:15:14

Det laget som jobber og jobber best, spring mest og best og ofrer "liv og helse" for dette, vinn kampen. Kven vil mest? Håper at spelarane til Aafk gjer det best her, da vinn dei kampen. Men Pape må vere med!!!!!!!!!

trippelf
Innlegg: 3805
Registrert: ons sep 14, 2005 12:54:58

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av trippelf » tor nov 29, 2018 00:09:04

Innsatsen har vært formidabel siste kampene målt mot resten av sesongen i mine øyner. Alt er mulig, men mot Sogndal har Aafk mest å tape. Forbi det hinderet vil Aafk ha alt å vinne mot Stabæk, som har sosa vekk mulighet på mulighet i år!
Først Sogndal, som jeg frykter kan bli for sterke når vi totalt mangler kreativitet på midten. Men, vi har to tøffe karer fremst, hva med å spille mer kynisk og møte Sogndal på det de vil gjøre?

trippelf
Innlegg: 3805
Registrert: ons sep 14, 2005 12:54:58

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av trippelf » tor nov 29, 2018 08:59:19

Nevner det bare timer før vi finner ut svaret. Er redd for luftkrigen foran eget mål når vi ikke har en bestemt kriger bakerst. Vil så gjerne se at Lie tar noen dueller for midtstopperne, men har sett lite av det siste årene. Da blir det mye opp til forsvaret, samt at Sogndal kan pumpe ballen ennå nærmere mål enn de kan mot andre.. Sier som Ludvig: Fali dætta

Svar