Guru
Innlegg: 8882
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Guru » fre nov 30, 2018 12:30:33

På ein dag som denne må det vere lov å banne litt i kirka. Det går faktisk an å forstå kva Lars & co tenker. Like vanskelig å rikke som eit fastmura esel, men i går virka det som om vi var der vi skulle. Tidlegare gjekk ballen fram og tilbake i forsvaret utan mål og meining. For det utrena auget kunne det sjå sånn ut i går og. Forskjellen var nettopp "mål og meining". Vi var så trygge med ball at det knapt er sett liknande i den oransje vershistoria. (Så får kvar enkelt vurdere om Nederland er ein del av den.) Innbiller meg at vi mista ballen ein eller to gongar heile kampen i situasjoner der vi ikkje skulle det. "Mål og meining" betyr at ting skjedde. Det var ikkje berre Fredrik og dei tre bak som sentra seg imellom. Alle var med. Vi vant terreng. Ut på kant, inn sentralt, ned og opp igjen, heilt fram til angriparane og plutselig dukker den magiske opninga opp. Der vi før har spelt fotball for oss sjølve midt mellom midtbana og eigen 16-meter, så spelte vi i går på motsatt side rundt alle dei smått bevegelige kvite kjeglene. Frå tribuna såg vi fortsatt mange løp og ledige spelarar (kjekt å sjå bevegelser forresten, ei stund sidan sist). Til tider klaga vi på at dei ikkje brukte dei. Men forbausende ofte klarte dei via ein omvei å finne ein bedre angrepsmulighet. VI kan definitivt fortsette å diskutere vilke sjanser dei skal gripe og vilke dei skal vere tolmodige på. Men i går beviste dei i alle fall at raskaste vegen fram ikkje nødvendigvis er det rette i alle situasjonar. Må ha vore ein frustrerende dag å vere Sogndal-speler.

Sogndal imponerte ikkje veldig, noko eg velger å gi æra til oss for. Dei fekk rett og slett ikkje lov til å vere bedre. Likevel var det nok av grunnar til å vere nervøs. Bjørn Helge på midten for eksempel. Han viste riktignok ikkje aller mest igjen i går, men det var likevel godt å sjå han gå av bana, så slapp vi oppleve noko vi ikkje ville. Rykta påstår at det var han som prøvde å hjelpe oss. At det var han som dytta Pape med strake hender i 1.omgang. Dommeren oversåg den klare straffa, men fekk tydeligvis sett den i pausa. Ved neste mulighet kom tvilen oss til gode. Så takk for den. Og på vei ut fekk Bjørn Helge aldri så lite applaus frå tribuna. Høflig og hyggelig i ein svært viktig og fortsatt skummel kamp. Håper det ikkje var det siste vi såg av han på stadion.

Høyrde intervjua etter kampen. Spelerane virka fornøgde, naturlig nok. "I det siste har vi spelt vårt eige spel og skal fortsette med det.". Kjekt å høyre. Litt nervøs når eg tenker på Stabæk kontra Sogndal, desember kontra november, "grasbane" kontra strøken plast, fire minus etter dager med plussgrader og regn kontra 9 herlige grader i herlige Ålesund. Men om alternativet er å legge 11 mann bak og la dei sparke ballen fort og hardt og langt til ein spiss som ikkje er der, så er det berre å følge planen. Stabæk skal forresten få ligge til neste kamptråd.

Når alle speler godt, så er det vanskelig å trekke fram nokon. Eg velger meg likevel ein; Adam Ørn! Etter ein ganske lunken sesong var han skikkelig på hogget i går. Det fungerte i alle retninger. Veldig bra kamp. Med den kvaliteten høyrer han heime på elitelaget vårt. Så får tida vise om det var nok til å få forlenga kontrakta. Han har antakeligvis to kampar til å bevise det på. På merksnodig vis var han "innblanda" i baklengsmålet, men han er nok den mest uskyldige av alle. Som på alle hjørnespark i alle ender av bana stilte Adam seg på midtbana. Vi avklarte, sendte ballen framover og spelerane sprang etter. Men vi mista ballen. På høgresida, der Adam bruker vere, var han ikkje. Ein ubalanse i omstilling frå forsvar til angrep med spelarar ute av posisjon. Det var kun to sogndalspelarar der, utan anna selskap enn seg sjølve. Hard ball inn foran mål, 1-1.

Sigeren mot Nes-Sotra var på mange måtar perfekt. 1-0. Ingen baklengs. Vi var det beste laget og vant fortjent. Men måtte likevel vere litt heldige for å dra det i land. Det var ikkje mykje uflaks som skulle til for at vi avslutta sesongen der. Dermed var det ikkje noko rom for å bli kjepphøge før gårsdagens kamp. I går derimot, imponerte vi. Godt mulig vi er litt høge på oss sjølve just nu. Men det er Stabæk på andre sida. Vi går uansett ikkje cocky til den kampen. Eg ser ingen fare i det. Det gårsdagens siger derimot gjorde var å gi oss sjølvtillit. Tru på at dette kan gå. "Kan gå", ikkje "kjem til å gå". Også det eit godt utgangspunkt. Så må vi berre huske at det er ein jobb å gjere. Baller å trille. Blod å blø.

Nenass. Nevnte eg Nenass? Lenge sidan han har spelt så godt. Han er visst også god på five-a-side. Eg gløymde å savne Aron.
Nokon veit bedre enn andre

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 353
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av Even beinløs » fre nov 30, 2018 15:01:24

Guru skrev:
fre nov 30, 2018 12:30:33
Og på vei ut fekk Bjørn Helge aldri så lite applaus frå tribuna. Høflig og hyggelig i ein svært viktig og fortsatt skummel kamp. Håper det ikkje var det siste vi såg av han på stadion
Fenomenal oppsumering, stiller meg bak den, Guru :)

I tillegg fikk du med deg et av gledespunktene som er sårt savnet og førte til at jeg i 1990 mistet lysten på å se på elitefotball.
Nemlig fraværet av fotballkyndig publikum.
De som hadde evnen til å sette pris på en flott hending / teknikk på banen, som ble aplaudert, selv om det var en motspiller.

Det er for meg e k t e fotballlidenskap og ikke som i dag, hvor det høres ut som om det er 'stuter-på-båsen' som står og rauter på Norges fotballtribuner iblandet ''forakt & og latter'' hvis en motspiller dummer seg ut. (Nå er ikke vi blant de verste, for ingen slår SIF, LSK & VIF ''rauterne'')
Adlri noe ros & aplaus....

(Det var en av mine kjeppehester på 70-80 og frem til døden i 1990 + at Fotballforbundet ''solgte sjelen ' 'til spillet til pengemakta).

MyckeMus
Innlegg: 2078
Registrert: man sep 26, 2005 23:08:56

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av MyckeMus » lør des 01, 2018 12:16:44

Om vi skårer bortemål og taper med maks ett mål på Nadderud blir det spenning helt inn neste søndag.

1aafk
Innlegg: 465
Registrert: tor jul 27, 2017 22:58:40

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av 1aafk » lør des 01, 2018 14:40:13

Om spelet blir som det beste mot Sogndal, blir det plussmål fra Nadderud. Hadde et syn om dette ei natt for noen dager siden. AMEN!!!

sindre2
Innlegg: 1273
Registrert: fre des 17, 2010 20:44:22

Re: Opprykksemifinale: Aalesund vs Sogndal - Torsdag 29.november 18.00

Legg inn av sindre2 » lør des 01, 2018 14:43:57

Hadde vært et fantastisk utgangspunkt med uavgjort og bortemål på kontoen! Da kan det i teorien holde med uavgjort på hjemmebane også.

Selvfølgelig er det å vinne borte som gir det beste utgangspunktet, men det blir vanskelig. Men AaFK vet å overraske, så hvorfor ikke gjøre det på Nadderud?

Svar