VAR DET HAN!!!!
Den kampen har eg på ingen måte gløymt! Ofte føles det som om dommeren denne kampen alltid er verre enn den forrige. Men nettopp denne kampen stikker seg ut og irriterer meg endå. Du nevner den feilaktige utvisninga (andre gule kortet) til Kirkeskov. Han trekker seg i tide, men Hans Nordbye (som var den store kjeltringen i den situasjonen og for evig er stempla som ein usympatisk fjusker) heiv seg. Dommeren lot seg lure.
Det som verre er for dommeren sin del, er situasjonen like før pause. Simen Wangberg hadde nylig fått eit gult kort, og var tydelig bestemt på at det ikkje skulle bli det siste. Like inne på deira halvdel blir han lurt og runda av ein av våre, men bråsnur, legg handa runst overkroppen hans og riv han i bakken. Joda, vi fekk frispark. Men klarare gult kort skal du leite lenge etter. Absolutt ingen mulighet til å ta ball, kun rein sabotasje. Eg meiner at den kampen og den dømminga kosta oss plassen i eliteserien. Den lange lange rekka uten å vinne kampar ville ha stoppa halvveis. Han er ikkje tilgitt den kampe, men eg hadde gløymt at det var han. Når du seier det, så husker eg det.
Ein ting skal seiast om Wangberg-situasjonen og Kai Erik Steen. Han fortsetter tydeligvis i same bana. Eg la merke til det i mange situasjonar i går. Reinspikka sabotasje. Halde igjen spelarar på vei forbi. Utan mulighet til å nå ballen. Det skjedde fleire gongar. Trur ikkje nokon av dei gav kort. Det gjekk begge vegar. Ståle Stålinho Sæthre (no forstår eg kvifor han har bytta mellomnavn) var ein av dei som skulle ha blitt ramma. Det skulle ein håndfull Viking-spelarar og. Hadde det høgst rettferdige kortet kome i desse situasjonane, så ville ikkje situasjonane ha kome. Det er ei rein belønning av sabotørane . Ei oppfordring av ufair fotball.
Det skal seiast at her treng heile dommerstanden ei oppstramming. Det er nok retningslinjene og sedvanen som er feil. Men Wangberg-situasjonen er spesiell. Den ville alle dommarar ha gitt kort på, også etter dagens retningslinjer. I alle fall dei med fnugg av ryggrad og moral.