Legg inn
av Guru » tor apr 26, 2018 09:20:34
Veldig trist og uheldig. I første rekke for Jernade sjølv. Operasjon og 5-6 månader ute seier legen. 4 månader seier Jernade, og sikter seg dermed inn på dei siste 12 kampane av sesongen. For eigen del har han skikkelig kontrakt med oss ut sesongen, samt ein opsjon på ein sesong til. Alltid litt uklart kvar som ligg i slike opsjonar, men han drøymer i alle fall om at klubben skal iverksette den.
Dessverre betyr skaden at det er vanskeligare for klubben å vurdere om han er mannen vi skal ha med oss i åra som kjem. Ein månads tid i klubben, nokre innhopp, ein start, eitt mål og ikkje minst usikkerheten på kor godt han toler skada. Eg er ein tilhenger av at klubbar skal strekke seg eit stykke for å vere lojal mot spelerane sine. Særlig dei som har gjort seg fortjent til det. Og særlig dei som treng det. Jernade havner nok ikkje i første kategori, men med skade i klubbens tjeneste er han inne i den andre. Så eg syns vi skal sjå velvillig på situasjonen hans.
På kort sikt mangler vi ein speler. Vi får uansett ikkje gjort noko med det på eit par månader. Spørsmålet deretter er om det er ein prioritert sak. På venstrekanten står det no mellom Sandnes og Hatlehol, medan Hatlehol, Arnarson og Riise er alternativa til høgre. Fire mann til to plassar bør vere nok. Så er det opp til dei å vise at det er godt nok. For Jørgen Hatlehol - vår nye lokale yndling - vil dette høgst sannsynlig bety meir speletid. Og sannsynligvis til venste. Det er feil side for han, men foreløpig har han takla det like godt som høgresida. Så herer det berre å halde sjansen godt fast med begge hendene. Vi har sjølvsagt poteta frå Sykkylven og. Sondre Fet. No er han eit skritt nærare ein plass på kanten. Men til helga er det spiss eller indreløper som gjeld. Dersom Agdestein er ute, så står han først i køa der.
Men tilbake til utgangspunktet: Heal well, Jernade, we are waiting for you!!
Nokon veit bedre enn andre