Moderator: Arcturus

Guru
Innlegg: 9181
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Guru » tor sep 12, 2019 12:37:59

Det er nok ikkje slik at Start og Sandefjord har gitt opp å passere oss. Dei håper nok at vi skal bli til gele og tabbe oss fullstendig ut på slutten. Men samtidig er vi nok ganske fjerne i bevisstheten deira. 11 poeng, 9 kampar og ein usedvanlig stabilitet. Dei er nok mykje meir opptatt av at Start/Sandefjord skal gi frå seg poeng enn at vi skal gjere det. Det er der slaget skal stå. Samtidig er det denne helga dei ser det siste halmstrået. Kongsvinger på Gjemselunden er ingen spøk. Dersom nokon kan hamle opp med oss og derved gi konkurrentane våre ein sjanse, så er det dei. Og kanskje gir det oss den psykiske knekken som vi ikkje klarer å takle. Der ligg håpet deira om tabelltopp. Klarer vi derimot å vinne denne kampen og, så er det i praksis avgjort.

Tabellen viser at Kongsvinger no ligg på 7.plass. Ein plass bak Sogndal på den siste kvalikplassen. Begge har 33 poeng. Og 4 poengs forsprang til laget bak. 10-3-8 og 25-24 i målforskjell. Ikkje skremmende i seg sjølv. Men dersom vi deler inn i heime- og bortekampar, så er det meir respektabelt. 7-2-1 og 17-9. Dei to uavgjorte kom mot KFUM og Jerv i 2 av dei 3 første heimekampane, så dei har faktisk 6-0-1 på dei siste 7. Og 15-8. Parodisk nok kom tapet mot Skeid. Det er den einaste bortekampen dei har vunne i år. Sterkare lag har blitt sendt heim med tap. Start med 4-2, Sogndal med 3-0. Dei har ein kapasitet vi ikkje skal kimse av. Men det er greitt å ha litt å strekke oss etter. Ein ytre motivasjonsfaktor. Dei vil ha skalpen vår. Den skal dei ikkje få.

Så kan vi samanlikne vår bortestatistikk med heimestatistikken deira. 8-2-1, 18-10 er kruttsterkt, og den viktigaste grunnen til at vi ligg der vi ligg. (Riktignok i god konkurranse med den feilfrie heimestatistikken vår.) Men sjølv vi må innrømme at det har tippa i vår favør oftare enn vi strengt tatt kan forvente. 7 av 8 sigrar er med eitt einaste mål. Den åttende er 4-2 mot KFUM, og i den kampen låg vi under omtrent til kampen var slutt. Eg var på Gjemselunden sommaren '06, noko som var eit høgdepunkt i resultattippekarriera mi. I Alexan sin tippekonkurranse tippa eg 5-0 til oss. Innertier. Det vil vere overraskende om vi klarer gjenta det resultatet. Men ka huen? Eg er nesten like optimistisk. 5-1!!


La oss ta nokre ord om laget til Kongsvinger. Såpass fortjener dei gamle favorittane mine.
Edvard Skagestad er ein gammal godkar. Han speler fast som midtstopper.
Marlinho er i same kategori. Er innpå dei fleste kampane, men kan ikkje heilt kalle han fast. Kun ein målgivende å vise til i år, det var langt meir tellende resultat i fjor.
Kvar gong vi møter dei kaller eg Adem Güven og "gammal kjenning". Han var på prøvespel hos oss for tre kvart karriere sidan og fekk til og med tilbud. Men valde heller HamKam for å vere litt nærare familien. No er han blitt gammal (33) og skikkelig god og viktig for KIL. 13 seriemål så langt i år. Resten av laget har 12 til saman.
Dei har ein målfarlig kar til. Shuaibu Ibrahim har riktignok berre laga eitt mål for dei i år. Det var i sist kamp (2-0 borte mot Skeid). Det var også den første kampen han spelte for dei i år. Dei lånte han frå Haugesund heile forrige sesong. Då laga han 15 mål. Han var tilbake der i vår, og enste med ein halv omgang i serien og bittelitt meir i Europaligaen. No er han "heime" i skogen igjen. Husk han.
Eg husker også Ali Ahamada. Keeperen dei henta i vinter, som er altfor god for denne divisjonen. Vi sleit skikkelig med han i årets første heimekamp. Han var på alt, unntatt då Jørgen Hatlehol klarte biffen. 1-0 mot Kongsvinger og Ull/Kisa er dei einaste heimekampane i år vi har vunne med kun eitt mål. Og dette var ingen 1-0-kamp. Det var Ahamada sitt verk.
Vi må forresten ikkje gløyme VIlle Jalasto heller. Han speler ein del. Virker å vere backup. Sist kamp varma han opp saman med brasilianeren vår.
Dei har også ein speler med landskampar for Gambia og ein med kampar for Kamerun. Og to frå Sør-Korea utan. Så det er eit litt artig lag. Forventer dei i 4-4-2.


Og så var det oss. Langt ut i 2019 var vi generelt misfornøgde med både spelet og treneren. Men det har snudd. VI speler bedre. Treneren har fått ny kontrakt. Resultata er gode. Vi skal rykke opp. Vinne cupen. Og vise Kongsvinger kven som er best.

Det tristaste i fjor var når spelet stivna. Dei tre stopperane og Carlsen på midten spelte ballen fram og tilbake, nærare feil enn rett mål. Resten av laget sto og såg på. Av og til fekk dei ballen og sendte den tilbake. Andre gongar klinka vi den rett opp på topp. Og mista den. Same same, but different i år. Vi har spelet bak. Men det virker som om heile laget har knekt koden. Alle er aktive. Vi har løfta pasningsspelet 30 meter opp i bana. Det er aldri langt til mål, vi har spelarar i beveglse som vil ha ball og som får den. Vi har mange fleire pasningsalternativ, og er mykje vanskeligare å stoppe. Pasningane bakfrå er ikkje lenger like lange, og ofte kjem dei heller frå dødlinja. Same tanke som i fjor, berre uendelig mykje bedre. Vi har fått ein tidlegare Kongsvinger-speler til oss. Litt av æra skal han ha, men berre litt. Eit viktig tannhjul i ei maskin som fungerer.

Sidan forrige kamp har vi fått årest tredje korsbåndsskade. Og det var nok dessverre takk og farvel til Kaj Ramsteijn som har tent oss godt i år. Det betyr nok at vi har fått ein ny "første-treer" bak. Jonas Grønner går frå å vere erstatter for Oddbjørn Lie til å vere førstevalg på høgrestopperplassen. Det er ein plass som passer han bedre. Dersom Oddbjørn er klar, så er rekka enkel å sette opp. I motsatt fall kan det godt vere at Grønner fortsetter litt til på venstresida som han har lært seg godt i sommer. Så går heller Hay eller Sæthre inn på høgresida med høgreføtene sine. Vi har også henta inn Danny van der Weg på overtid. Blir interessant å bli kjent med han. Men det blir ikkje på laurdag. Då er han ikkje med.

Andre interessante spørsmål:
- Skal Castro spele spiss eller indreløper?
- Dersom spiss, er det Nenass, Fet eller Orry som tar indreløperplassen ved sidan av Thrandarson? Ikkje Azofeifa vel?
- På spissplass er det uansett vanskelig. Agdestein er den som har vore best heilt i det siste. Pape kan så mykje og er toppskårer. Medan Holmbert er det grunnleggende førstevalget, som dessverre ikkje presterer på sitt beste og har endt opp på benken.
- Kven av juniorane får vere med i troppen? Määtä og Breivik har vore med i det siste, Karlsbakk og Fiskerstrand er også alternativ. Minst ein av dei må få vere med. Og muligheten til ein halv omgang på bana må vere heilt reell.

ALie
Grønner Gretarsson OLie
Hatlehol Castro Carlsen Thrandarson Olafsson
Agdestein Pape

Berntzen, Hay, Sæthre, Nenass, Fet, Karlsbakk, Holmbert


Ikkje noko hokuspokus, slik blir det denne gongen.
Nokon veit bedre enn andre

Galiat
Innlegg: 16711
Registrert: lør jan 10, 2004 21:41:00

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Galiat » fre sep 13, 2019 06:24:09

Tar vi med at Aafk har 5 strake seira mot Kongsvinger,så er det jo grunn til og håpe at alle gode ting er 6 også

Bale
Innlegg: 143
Registrert: ons apr 22, 2015 16:24:51

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Bale » fre sep 13, 2019 15:11:21

Kongsvinger har kunstgress....og da taper ikke Aafk, fordi basis nivået til Aafk kort og godt er mye bedre enn Kongsvinger. Laget har et grunnspill som sakte men sikkert maler motstandere i stykker.

Laget i år kontra i fjor.... ja det er som natt og dag......tipper vi vinner 4-1

God kamp

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 452
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Even beinløs » fre sep 13, 2019 17:49:25

Guru skrev:
tor sep 12, 2019 12:37:59

Det tristaste i fjor var når spelet stivna. Dei tre stopperane og Carlsen på midten spelte ballen fram og tilbake, nærare feil enn rett mål. Resten av laget sto og såg på. Av og til fekk dei ballen og sendte den tilbake
Carlsen er dessverre der enda... :|
Tilbakespill ''eksperten''
Redd for tap i Kongsvinger

weasel
Innlegg: 1062
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av weasel » fre sep 13, 2019 19:02:34

Vi må forvente seier.

Guru
Innlegg: 9181
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Guru » fre sep 13, 2019 22:30:39

Even beinløs skrev:
fre sep 13, 2019 17:49:25
Carlsen er dessverre der enda... :|
Tilbakespill ''eksperten''
Redd for tap i Kongsvinger
Even beinlaus er ein fantastisk fyr å ha når vi blir for optimistiske og treng hjelp med å halde beina på bakken.

Han har sjølvsagt rett. Carlsen er der endå. Og Gretarsson. Grønner. Sæthre. Eller Lie og Ramsteijn for den saks skyld. Akkurat same gjengen som i fjor. Men likevel ikkje det same. Dei fungerer mykje bedre no enn då. Kanskje har dei blitt flinkare og raskare til å spele seg fri, og det er definitivt nyttig. Men hovedforskjellen ligg lengre framme i laget. I fjor føltes det som om alle pasningane gjekk enten til eller frå ein av dei fire bakerste. Gjerne både til og frå. No har mange fleire kanalar opna seg. Frå indreløper til kant. Anker til spiss. Og møter vi veggen sender vi fortsatt gjerne ballen bakover. Men vi mister den ikkje. Ein kort tur bak, så angriper vi igjen, utan at Kongsvinger aner kvar vi skal treffe dei denne gongen.
Nokon veit bedre enn andre

Another_Roger
Innlegg: 27
Registrert: tir feb 21, 2017 18:34:04

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Another_Roger » lør sep 14, 2019 04:56:00

La oss vere glade for at vi har kamp i innlandet i dag. CLS hadde blitt en sur opplevelse denne helga. :)

Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Filer » lør sep 14, 2019 12:04:20

Another_Roger skrev:
lør sep 14, 2019 04:56:00
La oss vere glade for at vi har kamp i innlandet i dag. CLS hadde blitt en sur opplevelse denne helga. :)
Skulle det mot formodning bli tap, vil det være surt uansett. :D

rogerlima
Innlegg: 76
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av rogerlima » lør sep 14, 2019 12:08:44

Lagoppstilling anyone?

Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Filer » lør sep 14, 2019 13:49:54

SMP sier: "Til lørdagens kamp mot Kongsvinger ser det ut som at AaFK kun gjør ei endring på laget. Ståle Steen Sæthre tar over plassen til langtidsskadde Kaj Ramsteijn".
I så fall stiller følgende:
Andreas Lie
Ståle Steen Sæthre
Daniel Leo Gretarsson
Jonas Grønner
Jørgen Hatlehol
Niklas Castro
Fredrik Carlsen
Aron Elis Thrandarson
Torbjørn Agdestein
Pape Habib Gueye
Sist redigert av Filer den lør sep 14, 2019 14:12:09, redigert 2 ganger totalt.

rogerlima
Innlegg: 76
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av rogerlima » lør sep 14, 2019 14:05:52

Fire midtstoppere. Hva med Hatlehol?

Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Filer » lør sep 14, 2019 14:10:05

Glem oppstillingen. Det var feil, rettelse kommer
Sist redigert av Filer den lør sep 14, 2019 14:12:28, redigert 1 gang totalt.

rogerlima
Innlegg: 76
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av rogerlima » lør sep 14, 2019 14:11:32

Skjønner!

optimist1
Innlegg: 35
Registrert: fre mar 29, 2013 12:26:06

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av optimist1 » lør sep 14, 2019 14:13:08

Filer skrev:Glem oppstillinen. Det var feil, rettelse kommer
I følge smp.no er flg. spelarar ikkje aktuelle mot Kongsvinger: Orry Larsen, O. Lie og Meade.

Sent fra min SM-G970F via Tapatalk


Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Filer » lør sep 14, 2019 14:13:35

:shock: Har retta det nå. Beklager :?

Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Filer » lør sep 14, 2019 14:35:12

Og nå er oppstillingen offentliggjort på http://www.aafk.no/nyheter/laget-mot-kongsvinger og stemmer overens med oppstillingen lengre oppe i tråden.

rogerlima
Innlegg: 76
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av rogerlima » lør sep 14, 2019 15:30:29

Ståle Stålinho Sæthre ja...

AsE987
Innlegg: 1509
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av AsE987 » lør sep 14, 2019 16:18:39

Lite finspill, mange dueller. En dommer som kanskje blåser litt for ofte på småtteri, og undervurderer de litt hardere taklingene.
Største sjansen har vi hatt. Mulig vi krangler inn et mål i 2.omgang.

rogerlima
Innlegg: 76
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av rogerlima » lør sep 14, 2019 16:21:28

Slitekamp. Her gjelder det å holde fokus skal vi vinne.

Vatnebygder
Innlegg: 3232
Registrert: tir aug 02, 2005 22:10:38

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Vatnebygder » lør sep 14, 2019 16:30:12

Vi vil ha mål, vi vil ha mål, vi vil ha masse mål. Så langt ikke så mye å skryte av spillemessig. Aafk må opp med tempoet.

Vatnebygder
Innlegg: 3232
Registrert: tir aug 02, 2005 22:10:38

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Vatnebygder » lør sep 14, 2019 17:03:36

1-0 til hjemmelaget, så enkelt kan det gjøres.

Arcturus
Innlegg: 3787
Registrert: man sep 16, 2002 11:33:32

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Arcturus » lør sep 14, 2019 17:12:49

Hmmmm.. Vil nødig tape dette oppgjøret..

weasel
Innlegg: 1062
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av weasel » lør sep 14, 2019 17:20:39

Thrandarsson, gåsehud, fy faan

Vatnebygder
Innlegg: 3232
Registrert: tir aug 02, 2005 22:10:38

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Vatnebygder » lør sep 14, 2019 17:25:20

Flott mål av Thrandarsson, men her ble vel KIL snytt for ett frispark i forkant.
Tror nok at Bohinen og co er fornøyd med ett poeng.

MyckeMus
Innlegg: 2145
Registrert: man sep 26, 2005 23:08:56

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av MyckeMus » lør sep 14, 2019 17:27:43

Merkelig mål til Kongsvinger. Ikke noe ulovlig, men blir sånn pga "fair play" og vacuumet rundt det. Det er avblåst spill, Kongsvinger skal vinne droppen. Som regel så "gir" det andre laget bort ballen ved å spille ball tilbake til keeper eller noe. Denne gangen fikk Kongsvinger droppen uten at noen fra Aafk valgte å ære i nærheten, Kongsvingerspilleren takka og bukka og sparka ballen rett i bakrom på kant og det ble mål. Jeg vil påstå at dette målet kom litt fordi vi sov i timen og ikke selv tok styringa ved dropp, og litt fordi Kongsvinger brøt en "uskreven regel" ved å utnytte litt forvirring rundt droppen til å gå rett i angrep.

rogerlima
Innlegg: 76
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av rogerlima » lør sep 14, 2019 17:31:02

Rotete kamp. Andreomgangen var årsverste av Hatlehol (som ellers har hatt en strålende sesong:)), tamt og upresist generelt sett. Reddet av en enkeltmannsprestasjon. Takk for den Thrandarsson!

Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Filer » lør sep 14, 2019 18:06:05

rogerlima skrev:
lør sep 14, 2019 17:31:02
Rotete kamp. Andreomgangen var årsverste av Hatlehol (som ellers har hatt en strålende sesong:)), tamt og upresist generelt sett. Reddet av en enkeltmannsprestasjon. Takk for den Thrandarsson!
Enig i at Hatlehol ikke hadde dagen. Synes han burde blitt tatt ut tidligere. Jeg liker Fet, han er en terrier som kunne fått utrettet noe mer med lengre spillettid. Her synes jeg trenerbenken sov litt i timen.

Ellers en del bra på en vanskelig bortebane. Vi dominerer kampen, men spissene holder ikke helt topp standard i dag.

LØVrE
Innlegg: 680
Registrert: søn apr 21, 2013 14:12:54

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av LØVrE » lør sep 14, 2019 18:44:33

Hatlehol har hatt en OK sesong og fått tillit av LB & Co bl.a. fordi han iflg. trenerne har tatt mer plass både på trening og i kamp + scoret noen viktige mål ... Men etter undertegnedes smak er han fortsatt altfor redd/passiv mht å utfordre motstandernes sideback og 95% av pasningene hans slås fortsatt tilbake eller på tvers og innlegga er altfor upresise og idag var touchen helt elendig ! JH er en fin gutt , men føler at hans utviklingspotensiale er begrensa ...Da foretrekker jeg definitivt Fet som er stikk motsatt ; tør alltid å utfordre , går PÅ mål og scorer både spillemål og på dødball samt at han fortsatt har et stort utviklingspotensiale ... Derfor ; begynn omvendt - Fet i startoppstillinga og Hatlehol på innbytterbenken !!!

Brukeravatar
Nick Name
Innlegg: 831
Registrert: lør jul 13, 2013 01:03:31

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av Nick Name » lør sep 14, 2019 20:20:02

LØVrE skrev:
lør sep 14, 2019 18:44:33
Hatlehol har hatt en OK sesong .......

- Fet i startoppstillinga og Hatlehol på innbytterbenken !!!
Signeres

gaddag
Innlegg: 2013
Registrert: ons apr 01, 2015 20:54:18

Re: Kamptråd 22: Kongsvinger vs Aalesund, laurdag 14.september 1530

Legg inn av gaddag » lør sep 14, 2019 20:35:56

Ett poeng i denne vanskelige bortekampen var helt fint det ! :)

Svar