Svar
Guru
Innlegg: 8716
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Stallen 2019

Legg inn av Guru » tor jul 26, 2018 14:29:08

Oops...

Det gjekk plutselig opp for meg at eg er noko seint ute med denne tråden. Burde strengt tatt vore starta opp då overgangsvinduet i vinter stengte. Sommervinduet havner nemlig minst like mykje om neste sesong som denne. No kunne eg kanskje venta nokre veker til. Men fekk berre lyst å legge den ut no.

Her er oversikten over vilke spelarar som har kontrakt for 2019, kor lenge den varer, kor gamle dei blir i løpet av komande sesong, og - ikkje minst - vilken sesong det er for dei i oransj:

Målmenn:
1.Andreas Lie (19, 31, 13)
13.Tarjei Omenås (19, 27, 2)

Forsvararar:
4.Jonas Grønner (21, 25, 2)
15.Ståle Steen Sæthre (20, 26, 2)
3.Daniel Leo Gretarsson (20, 24, 5)
6.Kai Ramsteijn (19, 29, 3)
5.Oddbjørn Lie (19, 31, 9)


Kantspelarar:
38.Jørgen Hatlehol (20, 22, 3)
20.Robert Sandnes (19, 28, 3)


Sentrale midtbanespelarar:
7.Erikson Spinola Lima (20, 24, 2)
8.Fredrik Carlsen (20, 30, 11)
11.Aron Elis Thrandarson (19, 25, 5)
17.Sondre Brunstad Fet (19, 22, 5)
36.Emil Solnørdal (19, 20, 3)


Angrep:
14.Pape Habib Gueye (21, 20, 2)
xx.Niklas Castro (21, 23, 1)
10.Holmbert Aron Fridjonsson (20, 26, 2)
23.Torbjørn Agdestein (20, 28, 2)
9.Valmir Berisha (19, 23, 3)


Antallet er faktisk oppe i 19 allereie. Ikkje langt frå ein full stall det. Det kjem heilt sikkert til å vere spelarar som kjem til å forsvinne. Enten fordi klubben ønsker det, og då er det ofte vanskelig og/eller dyrt å få det til. Eller fordi speleren vil vekk. Då må vi stille oss spørsmålet om vi vil ha penger no eller ingenting seinare.


Men det er fleire navn å merke seg.


Tre spelarar er på utgåande kontrakter i 2018. Det er alltid ein plass mellom mulig og sannsynlig at nokre av desse blir med videre.

Adam Ørn Arnarson (18, 24, 4):
Speler fast. Ser på det som sannsynlig at han får tilbud om å fortsette. Utanlandskvoten jobber mot han. Og det er mulig å argumentere for at vi heller skal satse på Jørgen Hatlehol i posisjonen hans. Og det generelle: Dersom vi skal rydde i stallen, så er det lettare å rydde vekk dei utan kontrakt. Vi skal sjølvsagt heller ikkje sjå vekk frå at han faktisk kan ha andre planer sjølv. Uansett vil eg tru det nærmer seg ei slags avklaring. Tipper som sagt på tilbud.

Jernade Meade (18, 27, 2):
Langtidsskada. På vei tilbake til treningsfeltet. Heilt uvisst korleis både han og klubben tenker.

Bjørn Helge Riise (18, 36, 5):
Her er det konkludert med at dette blir den siste sesongen hans som AaFK-speler.


Nokre av dei 19 spelerane med kontrakt kan forsvinne før neste sesongstart. Enkelte meir sannsynlig enn andre.

Valmir Berisha:

Openbart ikkje med i framtidsplanane. Med mindre det skjer noko heilt spesielt vil det bli gjort ein innsats for å hjelpe han videre. Det beste han kan gjere sjølv er å prestere godt på utlån i Island.

Kaj Ramsteijn:
Fleire spekulerer at han ikkje er i klubben sine langtidsplaner, og at klubben ikkje er i hans. Dersom han leiter etter returmulighet til Nederland, så er det ikkje umulig at han får lov. Men han har faktisk spelt fast halvannan sesong sidan han kom.

Emil Solnørdal:
0 minutt på bana så langt i år, trass i svært mange kampar på benken og skadekrise i perioder av vårsesongen. Lillebroren er allereie i Rosenborg. Er usikker på om han har tolmodighet til å vente ein lang eller kort evighet på muligheten i Aalesund.

Holmbert Fridjonsson, Pape Habib Gueye:
Openbare salgsobjekt. Det kjem til å vere klubbar som er interesserte i dei. Det same kan fort gjelde Aron Thrandarson og Daniel Gretarsson. Andre av spelerane våre og, som passer inn i behova andre klubbar måtte ha.


Av dei 19 spelerane med kontrakt i 2019, så er det 9 som går inn i sitt siste kontraktsår. Så snart årets overgangsvindu er over, er det tid for å starte vurderinga om kven vi skal forlenge med.
Slik eg ser Thrandarson den einaste eg ser som det er umiddelbart hastverk med. Sondre Fet og Andreas Lie er ganske etablert på laget, og det skader neppe å tilby noko med dei først som sist. Oddbjørn Lie, Robert Sandnes og Tarjei Omenås er lokale spelarar med ein viktig rolle i troppen per dags dato. Oddbjørn har nettopp forlenga ein sesong. Det er neppe noko hastverk med nokon av dei. Men veldig godt mulig at ein eller to eller alle er med utover 2019. Når det gjeld Emil Solnørdal vil eg tru at verken han eller klubben er ivrige på umiddelbar forlenging, med mindre dei ser noko som ikkje eg ser. Kaj Ramsteijn venter vi med. Og Valmir Berisha si kontrakt skulle altså helst vore endå kortare.


Sjølvsagt har vi yngre spelarar på vei opp systemet. Vi kjenner enkelte navn, men det er ikkje alltid enkelt å vite kven som tar steget og når dei gjer det. Skal eg tippe, så er det to mann eg tenker er aktuelle:
- Håvard Mork Breivik
- Markus Karlsbakk



ALie
Sæthre Grønner Gretarsson
Hatlehol Thrandarson Nenass Castro Sandnes
Fridjonsson Gueye

(Omenås, Ramsteijn, OLie, Carlsen , Solnørdal, Fet, Castro, Agdestein)
(Berisha)


Slik kan 2019-laget sjå ut per dags dato. Det er først og fremst på kantane vi er i manko på antall. Kvalitet er uansett velkomment i alle ledd til eikvar tid.
Nokon veit bedre enn andre

Guru
Innlegg: 8716
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Stallen 2019

Legg inn av Guru » tor aug 16, 2018 12:24:26

Guru skrev:
tor jul 26, 2018 14:29:08


Målmenn:
1.Andreas Lie (19, 31, 13)
13.Tarjei Omenås (19, 27, 2)

Forsvararar:
4.Jonas Grønner (21, 25, 2)
15.Ståle Steen Sæthre (20, 26, 2)
3.Daniel Leo Gretarsson (20, 24, 5)
6.Kai Ramsteijn (19, 29, 3)
5.Oddbjørn Lie (19, 31, 9)


Kantspelarar:
38.Jørgen Hatlehol (20, 22, 3)
20.Robert Sandnes (19, 28, 3)


Sentrale midtbanespelarar:
xx.Niklas Castro (21, 23, 1)
7.Erikson Spinola Lima (20, 24, 2)
8.Fredrik Carlsen (20, 30, 11)
11.Aron Elis Thrandarson (19, 25, 5)
17.Sondre Brunstad Fet (19, 22, 5)

Angrep:
14.Pape Habib Gueye (21, 20, 2)
10.Holmbert Aron Fridjonsson (20, 26, 2)
23.Torbjørn Agdestein (20, 28, 2)
9.Valmir Berisha (19, 23, 3)



Sommervinduet 2018 er no stengt. Vi skal avsluttes sesongen med dei vi har, samtidig som vi planlegger for neste år. Inntil det motsatte er bevist planlegger vi for eliteseriespel.

Sidan denne tråden blei starta er det ei endring i stallen vi har for 2019. Emil Solnørdal har reist til Trondheim for å prøve lykka der. Dermed har vi 18 spelarar under kontrakt. Vi kan også anta at sagaen om Valmir Berisha finn ein slutt, og dermed er vi nede i 17. 6 av dei 17 (+Berisha) høyrer til på utanlandskvoten.)

Antallet er sjølvsagt for lavt, og godt er det. Vi treng nemlig nye spelarar som kan løfte laget. Då er det greitt å sleppe å bruke kreftene på å lage plass til dei. Samtidig er dei 17 vi har eit godt utgangspunkt.

Det er ein openbar svakhet i troppen over; Midtbanefemmeren.
Her har vi riktignok heile 4 spelarar på prøvespel heile hausten. Adam Arnarson, Jernade Meade, Nikola Tkalcic og Jens Petter Hauge. Det vil overraske meg storligen om ikkje nokon av dei fortsatt er med neste sesong. Det vil overraske meg omtrent like mykje om alle er det.


Midtbana vi fikse.

I resten av laget er det meir uvisst. Kanskje ikkje umiddelbare behov, men kvalitet er alltid velkomment. Det er neppe nokon lagdel som per dags dato er topp 3 i Norge.

I mål gjer Andreas Lie ein heilt grei jobb. Av og til matchvinner, andre gongar ikkje.

I forsvaret utgjer Sæthre-Grønner-Gretarsson ein god og spennende trio, med Ramsteijn, Lie og Breivik som greie reserver. Men kor godt vil dei klare jobben når motstanden blir ein divisjon bedre.

På topp gjer både Fridjonsson, Agdestein og Gueye ein god jobb, noko Thrandarson, Fet og Castro heilt sikkert også kan om det trengs. Godt, men godt nok?
Nokon veit bedre enn andre

Online
Krå Myra
Innlegg: 954
Registrert: man jan 01, 2018 13:52:13

Re: Stallen 2019

Legg inn av Krå Myra » tor aug 16, 2018 16:11:42

Andreas Lie er ikke rette typen keeper til et spillende 3-5-2. Han er en god skuddstopper men 3-5-2 krever mer.

Vingbacker som er offensive fører til mer crosser inn fra kant, da må en ha en keeper som er god i feltet og på høye crosser. Dette er jo Lies svakhet.

En spillende trio bak skal helst ha en keeper som er god med begge ben og som kan være pasningsalternativ når stoppere presses, slik en kan unsleppe press, dra på seg spillere, og spille fri lenger fremme i overtall. Lie er ikke god til det.

Keeper står på 2019-lista der Lie atter en gang må bli utfordrer.

Svar