Svar
jast
Innlegg: 923
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Velkommen Jens Petter Hauge

Legg inn av jast » ons aug 15, 2018 21:11:31

Velkommen, håper du lykkes i Oransje og blått :)



http://www.aafk.no/nyheter/laner-ung-assistkonge

Guru
Innlegg: 8746
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Velkommen Jens Petter Hauge

Legg inn av Guru » tor aug 16, 2018 08:50:40

Her er det berre å ønske velkommen!

Jens Petter Hauge har vore ein av dei mest lovende spelerane i Norge dei siste åra. Og fortsatt er han berre 18, sjølv om han fyller 19 i oktober.

Grunnen til at han tar steget ned ein disvisjon til oss er naturlig nok at sesongen ikkje har gått som planlagt. Han debuterte 16 år gammal i eliteserien 2016. 2 kampar frå start, 20 totalt. Det blei nedrykk på Glimt, men han fekk ein god sesong i obos. 12 målgivende på 28 kampar er heilt i toppen. Særlig når han kun spelte 12 av dei frå start. Og kun 2 gongar fekk han fulle 90 minutter. Vi registrerer sjølvsagt at han ikkje var heilt fast på laget, men det var sett på som heilt normal progresjon for ein 17-åring.

Så var planen å slå gjennom i eliteserien i år. Det har han ikkje gjort. Det har blitt lite speletid på både han og den andre gullguten, Patrick Berg. Om det er han eller treneren sin feil er vanskelig å seie frå min posisjon, men det er i alle fall faktum. Mange 18-åringar ville ha hatt tolmodighet videre, men både Hauge og omgivelsane ser for seg noko anna enn benkesliting. Talentet er rett og slett for stort. Kan nevne at han også er ein av spelerane som var med på G19-laget som deltok i EM og kvalifiserte seg til VM i sommer.


Så då blir det 12 kampar i Aalesund. Eit reint utlån, uten kjente kjøpsopsjoner.

For Hauge handler det om å få spele. Vingplassen han har hatt i Glimt finns ikkje hos oss, så han må utvikle seg. Det er sagt at han er tiltenkt ein plass som kreativ indreløper. Det er også lett å tenke seg at han kan vere ein av tre lengst framme om vi leiter fram 3-4-3 igjen. Neste år har han kontrakt med Glimt. Sesongen etter og. Framtida er likevel uviss. Glimt? Aalesund? Utlandet? Alt er på bordet.

For Aalesund sin del er han ei slags erstatning for både Riise og Castro i haust. Han skal vere med på å sikre oss opprykket. I ein for han ny og ukjent posisjon. 12 kampar er ikkje all verdens. Samtidig er det openbart at det er eit slags prøvespel for framtida. Er han ein speler og mann som passer i oransj? Dersom det skulle fungere, så plasserer det oss i ein god posisjon for å hente han til neste år. Det kjem sjølvsagt an på kva Glimt meiner om saken. Dei kan seie nei, og dei kan prise han ut av det vi vil vere med på. Men samtidig er det tydeligvis ikkje verdens beste kjemi mellom han og årets Glimt-trener.

Det er mange ukjente i ligninga. Trur vi berre konsentrerer oss om dei 12 kampane som står igjen.

Lykke til, grip sjansen!
Nokon veit bedre enn andre

Krå Myra
Innlegg: 1016
Registrert: man jan 01, 2018 13:52:13

Re: Velkommen Jens Petter Hauge

Legg inn av Krå Myra » tor aug 16, 2018 16:52:27

Han har veldig gode tall for målgivende fra Glimts 4-3-3 vingposisjon i en sesong Glimt var suverene.

Så er spørsmålet hva som er overførbart til 3-5-2 eller innbytter i 3-4-3.

Jeg tenker at vi kanskje har anledningen til å endre formasjon i slutten av kamper nå, legge om til en lavere 3-4-3 og mer kontringsorientering der vi parkerer bussen, og med Holmbert, Gueye og Hauge på topp, og 3+ 4 som forsvarsledd som tar lite risiko.

Men da bør han ha fart. Har han det?

Krå Myra
Innlegg: 1016
Registrert: man jan 01, 2018 13:52:13

Re: Velkommen Jens Petter Hauge

Legg inn av Krå Myra » tor aug 16, 2018 23:03:11

Han ser ut til å være veldig bra til å sette fart og dra av en eller to, og bør passe bra som et alternativ taktisk, feks med en kontringsorientert 3-4-3

https://vimeo.com/224329426

Svar