Arcturus skrev: ↑man feb 18, 2019 09:16:33
Ja, jeg mener man skal gi opp Hødd, så lenge de fortsetter å ha en så negativ holdning mot oss.
...
Vi kan heller låne ut spillere til -og samarbeide med- Brattvåg og SIF. Jeg tror uansett at med vårt samarbeid, kan Brattvåg fort bli en større opprykkskandidat enn Hødd.
Vi bør satse på både, pose, sekk og kasse. I alle fall ideelt sett, så får vi heller ta prioriteringane etter behov.
Grunnmuren er utviklingsarbeidet vi gjer ei eigen klubb. Det inkluderer dei få laga vi har under A-laget, by- og kretslaga, dei involverte trenerane og spelerane, og - ikkje minst - underskogen av klubbar som spelerane kjem frå. Arbeidet som skjer der og samarbeidet er kanskje den viktigaste nøkkelen til å lykkes.
Brattvåg ser i skrivende stund ut til å vere det beste sunnmørslaget bak Aalesund. Fundamentet deira er i stor grad basert på å hente inn spelarar frå nær og fjern og sette dei saman til eit godt lag. Det er allereie mange spelarar med bakgrunn frå Aalesund som er eller har vore innom der. I fjor på denne tida var Emil Solnørdal og Joakim Barstad to av dei vi håpa mest på i oransj. No speler begge i Brattvåg. Dei er heilt sikkert veldig opne for å låne spelarar til gjensidig nytte. At tidlegare trener og sportssjef i Brattvåg - Per Gidlund - er i Aalesund, gjer det heile endå enklare.
Litt trist med Hødd akkurat no. Dei veit knapt om dei skal fokusere på å sette saman laget, rydde opp i organisasjonen eller planlegge 100-årsjubileet. Dei er rett og slett i ei krise dei knapt har opplevd før. Men fotball er fotball, og store klubbar kjem alltid tilbake. Hødd kjem tilbake. I løpet av 5 år er dei i obos-ligaen. Potensialet er udiskutabelt, og større enn Brattvåg sitt. Sjølvbildet er også tilsvarende større. Men den kanskje viktigaste forskjellen er at Hødd starter utviklingsarbeidet på eit yngre nivå. Der Brattvåg gjer unge seniorar bedre, så gjer Hødd unge spelarar til A-spelarar. Dei er flinke til å utvikle dei flinkaste spelarane på Søre Sunnmøre og Omegn. Ein ganske lik jobb som Aalesund gjer, men spelarar frå eit anna område. Som fortsatt er midt i kjerneområdet vårt. Også i tilfellet Hødd må samarbeidet vere gjensidig nyttig. Hødd treng gode spelarar til ein billig penge. Vi har slike om vi er villige. For eksempel henta vi heim Andreas Lie frå Odd etter 2012-sesongen. Heile 2013 stod han for Hødd og var dermed meir klar for oss til fortsettelsen. Den fordelen vi først og fremst er på jakt etter frå Hødd er hjelp til å få dei beste Hødd-spelerane til å kome til Aalesund på rett tidspunkt. Det forventer eg faktisk at dei gjer. Så langt har dei ikkje gjort det, men på eit tidspunkt skal det bli den naturlige vegen. Dei gamle motkreftene skal forsvinne.
SIF/Hessa, Herd, Spjelkavik og dei andre? Mykje å hente der også. Men ikkje så direkte i utviklinga frå lovende A-lagsspeler til fullverdig A-lagsspeler. Der handler det først og fremst om det gode samarbeidet i 13-16-nivå, samt eit godt og gjerne gjennomtenkt tilbud for dei spelerane som etter kvart blir kasta av utviklingskarusellen fram mot eliteserienivå. For det blir nesten alle.