Moderator: Arcturus

Svar
Guru
Innlegg: 9184
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Guru » tir jun 11, 2019 13:11:08

Ei kjapp lita landskamppause, så er det ny kamp. 3 kjappe kampar mot HamKam, Raufoss og Sandnes Ulf før vi tar tre veker ferie i den største delen av juli.

HamKam, altså.
Laget som var det første som slo oss i fjor. 2-1, på CLS. 27.mai. Deira feil at vi møter dei i år. Egentlig vår eigen...
Vi kan knapt kalle det hevn, men vi slo dei 3-1 på Briskeby seinare i sesongen.

HamKam, altså.
10 kampar, 10 mål rett veg, 10 mål feil veg. Sjølvsagt nummer 10 på tabellen. 3 sigrar og 3 tap.
1-1-3 på dei 5 første. 2-3-0 på dei 5 siste.
Men dei siste 5 kampane før tabellen snur skal dei møte nummer 1-5 på tabellen. Aalesund, Sandefjord, KFUM Oslo, Start & Raufoss.

HamKam, altså.
Laget som har rykka opp til eliteserien heile 8 gongar.
Det har lenge vore flest, men no har Start gått forbi.
2008 var forresten forrige gong dei var der oppe. Då kniva dei med oss om kvalikplassen heilt til siste serierunde. Vi gjorde jobben, og tok Sogndal i kvaliken.

HamKam, altså.
Klubben Markus Solbakken bruker som rugekasse før han skal ut og gjere seg feit. Fortsatt berre 18 år, men er fast på laget. Spelte 25 kampar i 1.divisjon i fjor, 22 i 2.divisjon året før.
Klubben Odmar Færø speler for når ikkje han er opptatt av å plage Norge på Færøyane. Han med skjegget, veit du.
Klubben Jean Mendy har endt opp i etter å ha vore eliteseriehit i Kristiansund så seint som 2017.
Klubben der Gaute Helstrup skal vise at det er enklare å trylle når du har ressurser enn når du ikkje har det. Slik han har hatt det i Tromsdalen i årevis.

Sist kamp spelte dei 2-2 mot Jerv. I følge sjansestatistikken skulle dei ha vunne, uten at det er til stor hjelp. Benjamin Gleditsch gav dei ein tidlig ledelse, Markus Solbakken berga eit poeng på overtid. Slik var laget:

Jarosinski
Pedersen Færø Alegre Gleditsch
Johnsen Solbakken
Nordli Onsrud Sildnes
Mendy

Ezeh for Johnsen etter 67
Midtskogen for Mendy etter 71
Enkerud for Sildnes etter 84
Jørgensen, Brotangen, Arzani og Olsen på benken




Så var det oss. Aalesund, altså...

Vi var faktisk flinke sist. Ein knakende god omgang mot Ull/Kisa, der vi klarte kunststykket å lage kun eitt mål. Og ein grei omgang der det kunne gått både godt og gale. Det mest iaugefallende då var at spiss-nummer-1-Holmbert var på benken. Litt vondt i foten, ikkje veldig. Pape Gueye og Niklas Castro fekk plassane, og dei gjorde det godt. Kven er det som ikkje skal få spele denne gongen? Per Rich Hunstad meiner at begge bør få fornya tillit. Det er ikkje vanskelig å vere uenig, men det er ikkje lett å vrake ein frisk Fridjonsson heller. Ein annan overraskelse den kampen var at Jernade Meade starta. Rett frå tribuna kampen før til førsteelleveren. Både han og Jørgen Hatlehol gjorde ein god kantjobb. Dei gjorde det vi har etterlyst. Utfordra og kom rundt på kanten og fekk lagt inn ballen ofte nok til at det var greitt at dei ikkje prøvde på det kvar gong.

Det skal vere meir enn nok å velge i no og. Kristoffer Hay har blitt lånt ut til Tromsdalen og er dermed uaktuell. Kynisk sett betyr det kun ein tilskuer mindre på heimekampane. Ikkje akkurat veldig stor tillit. Robert Sandnes er fortsatt ute. Men han er også såpass i utkant av bevisstheten at han berre blir nevnt når vi teller opp kven som ikkje er med. Fredrik Carlsen er den siste som har vore på skadelista, men har oppfatta det slik at han er tilbake i trening og har vore det ei stund. Daniel Gretarsson gjekk ut før tida mot Ull/Kisa, men har ikkje høyrt at det skal vere noko problem. Og Holmbert er sikkert frisk igjen.

"Never change a winning team", seiest det, men eg føler meg ganske trygg på at vi gjer det likevel.

Kaj Ramsteijn eller Jonas Grønner på høgre stopperplass? Har følelsen av av Ramsteijn er førstevalg.

Fredrik Carlsen eller Izunna Uzochukwu på defensiv midtbane? Carlsen er kaptein og har hatt abonnement på plassen sidan Bohinen kom til klubben. Men Izunna har prestert godt i skadefråveret hans. Tipper Izunna fortsetter.

Jernade Meade eller David Olafsson på venstrekanten? Eller Sondre Fet? Det er meininga Olafsson skal gjere plassen til sin. Men han er nettopp tilbake etter minst eit månader på sidelinja. Dei første forsøka hans på laget har vore relativt usynlige. Meade har faktisk funne formen og har prestert godt. Så har vi Fet. Som ser ut til å ligge like utanfor laget i fleire posisjonar. Svært usikker her, men tipper Olafsson får sjansen igjen.

Niklas Castro som indreløper eller spiss? Han skal spele. Og kampen sist var kanskje det beste han har gjort for oss. I ny posisjon, noko Bohinen hadde hinta om på førehand. Tipper han fortsetter der framme.

Holbert Fridjonsson eller Pape Gueye som spiss? Eller Torbjørn Agdestein? Kven er friskast, kven er raskast, kven passer best med Castro og kven passer best mot HamKam? Svaret er på ingen måte gitt. Like usikker her som på høgrekanten. Tipper Fridjonsson blir valgt.

Og dermed blir det slik:

ALie
Ramsteijn Gretarsson OLie
Hatlehol Orry Izunna Thrandarson Olafsson
Castro Fridjonsson


Kva er forresten forventninga denne gongen? 3 poeng. Riktignok har ikkje HamKam tapt på ei stund, men så har dei heller ikkje møtt oss. Ingenting anna enn 3 poeng er godt nok, sjølv om ein god prestasjon krydra med uflaks og tilfeldigheter kan aksepterast innimellom. Vi må vise oss frå ei bedre side enn vi har gjort i mange bortekampar. Solida, ja. Og så litt ekstra på toppen. Vilje til å vinne, og eit brennende ønske om å få det til.

Søndag.
15.00
Nokon veit bedre enn andre

AaFK-spissen
Innlegg: 2690
Registrert: lør feb 19, 2005 01:52:32

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av AaFK-spissen » tor jun 13, 2019 16:49:10

0-4!

Dagen da det løsner for flere, og da er vi ustoppelige :D

Optimisten, også kalt Spissen
Spissen, evig AaFK- og LFC-supporter:)

aafk abu
Innlegg: 418
Registrert: søn apr 05, 2015 13:37:51

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av aafk abu » fre jun 14, 2019 23:40:57

Håper at LB prøver seg med denne:

-------------------A.Lie-----------------------
--------Ramstejn-Gretarson-O.Lie--------
Hatlehol-Izunna-Castro-Carlsen-Meade
---------- Fridjonsson-Gueye--------------

Der Castro spiller som offensiv mb bak to brede spisser.
Ramsteijn og O.Lie ligger bredt slik at vi ikke faller ned i 5-3-2 når motstander har ballen, heller Carlsen som dropper ned i midten.

AsE987
Innlegg: 1509
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av AsE987 » søn jun 16, 2019 10:27:53

Slettes ikke dum den oppstillinga der! Stødig både offensivt og defensivt. Thrandarsson som joker på benken.

Galiat
Innlegg: 16711
Registrert: lør jan 10, 2004 21:41:00

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Galiat » søn jun 16, 2019 14:17:35

Ble 1 forandring siden sist Gueye ut og Fridjonsson inn

weasel
Innlegg: 1064
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av weasel » søn jun 16, 2019 14:25:37

Pape har vist seg best på innhopp fra benken, så det blir vel sånn i dag også . Hvem starter i dag?

Brukeravatar
Blaudis
Innlegg: 781
Registrert: ons aug 24, 2005 01:33:42

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Blaudis » søn jun 16, 2019 14:47:36

weasel skrev:Pape har vist seg best på innhopp fra benken, så det blir vel sånn i dag også . Hvem starter i dag?
http://www.aafk.no/nyheter/laget-mot-hamkam

Sulalenning
Innlegg: 167
Registrert: man sep 29, 2014 22:33:56

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Sulalenning » søn jun 16, 2019 15:13:28

Deilig. Har savna den typen mål.

jast
Innlegg: 1149
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av jast » søn jun 16, 2019 17:10:03

Fryktelig dårlig kamp, men kjekt med 3 poeng :)

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 452
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Even beinløs » søn jun 16, 2019 17:12:24

:?: Hvorfor maktet ikke keeper Lie å ta ballen, som førte til utlikning...

Det er jo nettopp slike ''skudd'', hvis man skal kalle det et skudd' og ikke en ''lompe'', som er Lie's spesialitet. Nemlig lynraske reaksjonsredninger på strek
Sist redigert av Even beinløs den søn jun 16, 2019 17:13:55, redigert 1 gang totalt.

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 452
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Even beinløs » søn jun 16, 2019 17:13:15

Sulalenning skrev:
søn jun 16, 2019 15:13:28
Deilig. Har savna den typen mål.
Klassisk Barrantes mål av Castro.
Ååååå som jeg savner Barrantes

HØR Castro :!: :
''studer alt av mål og målpasseringer Barrantes gjorde i AaFK. Bli igjen en 1/2 time etter hver trening og tren på skudd, kun skudd,.. med begge bein, så kanskje du av og til kan kopiere Barrantes. Du har talentet. Castro'' :!:


Bilde

Guru
Innlegg: 9184
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Guru » man jun 17, 2019 10:49:59

"Årets spelemessig dårligaste kamp," sa Lars Bohinen. Så gale tenkte eg faktisk ikkje at det var. Begynte bra. Fekk målet. Stoppa opp. Så det var i alle fall ikkje stort å skryte av. Men syns det var bedre enn dei triste bortekampane mot Jerv og Notodden. Det som løfta denne kampen opp frå dei andre - i mie auge - var at vi innimellom hadde nokre glimrende sekvenser. Sprudlende offensivt spel der spelerane våre kosa seg og HamKam ikkje hang med på notane. Ikkje ofte. Ikkje lenge. Men små glimt av kva spelerane faktisk kan.

Men konklusjonen er uansett ganske lik: Vi vant nok ein jamn bortekamp. Det har blitt ein vane. Det har faktisk skjedd 4 av 6 bortekampar. Kun uavgjort mot Jerv og Sandefjord. Eittmålssigrar mot Start, Notodden, Strømmen og HamKam. Prestasjonsmessig ikkje der vi skal vere. Resultatmessig absolutt godt nok. Sandefjord har same borteresultat som oss, 4-2-0. Ingen andre er i nærheten. Kanskje Raufoss. 4-0-2. Start har for eksempel 2-0-2. Hårfine gevinster - som oss - mot KFUM og Nest-Sotra. Tomålstap mot Kongsvinger og Sandnes Ulf.

Det vi lærte i fjor var viktigheten av killerinstinktet. Det er ikkje nok å ha ein ledelse og beholde den. Vi må benytte dei anledningane vi har til å auke den. I går gjekk vi til kampen og visste at Start hadde tapt. At Sandefjord tapte sist. Sjølv med uavgjort eller tap ville vi ha vore i ein god posisjon på toppen. Det ville likevel ikkje ha vore godt nok. Vi måtte vinne for å styrke posisjonen vår. Og det gjorde vi. Så kan vi diskutere om vi fortjente det, om vi er gode nok og om vi klarer å fortsette å vinne. Men vi vant. 3 poeng mot HamKam i banken, saman med dei 26 vi hadde frå før. 5 poeng til Sandefjord. 8 poeng til Kongsvinger. 10 poeng til Start (minus ein kamp). 15 poeng til Sogndal (minus den same kampen). Vi har satt oss i ein svært god posisjon. Vi må berre unngå å gjere som det ofte ser ut som om vi gjer når vi tar ledelsen. Vi må ikkje ta foten av gassen, lette på krava til oss sjølve. Vi må fortsette å prestere, kvar einaste gong. Prestere, og oppnå resultat.

Trass i 4-2-0 på bortebane så langt, så har det ikkje skapt den store jubelstemninga. Det har vore for mange lunkne kampar. 7-3 i målforskjell på 6 kampar vitner om at vi har vore bedre bakover enn framover. Men trass alt har heimekampane vore noko heilt anna. Det har sjølvsagt variert der og, men alt i alt har det vore eit heilt anna nivå. Enkelte omgangar har vore fortreffelige. Vi har mangla effektiviteten frå i fjor, så kvart enkelt resultat er ikkje så flott som det kunne ha vore. 5-0-0. 14-3. Godt nok! Mykje godt å jobbe videre med. Lange gode perioder. Gjer dei lengre. Få opp effektiviteten. Fortsett å sleppe spelerane laus, la dei vere offensive. La oss bygge sjølvtilliten, og lokke folk tilbake på stadion!
Nokon veit bedre enn andre

Filer
Innlegg: 109
Registrert: fre mar 09, 2018 08:42:15

Re: Kamptråd 11: HamKam vs Aalesund - Søndag 16.juni 15.00

Legg inn av Filer » man jun 17, 2019 19:31:18

Godt oppsummert. Jeg er også forbausa over LB sin uttalelse om at dette var årsverste. Kanskje han rett og slett har fortrengt Notodden og Jerv.
Men det er noe annet som forundrer meg. Vi hører stadig at Aafk er så bunnsolide bakover i år. Riktignok er de hakket bedre. Bunnsolide synes jeg er å ta litt hardt i spesielt når laget helst vil identifisere seg som et TL-lag. Men noe som kanskje dere med litt mer fagkunnskap kan si noe om, er det noen automatikk i at om laget bedrer seg bakover, så skal det gå utover kvaliteten fremover? Fridjonsson og Agdestein fungerer ikke slik de gjorde forrige sesong sånn jeg ser det. Og effektiviteten er ikke akkurat imponerende i mine øyne.

Svar