Bjørn Helge Riise og Trond Fredriksen si framtid i Ålesund
Lagt inn: ons nov 07, 2018 12:38:27
Denne tråden har eg gnaga litt på heilt sidan Bjørn Helge gjekk til Sogndal i sommer. Tenkte berre vente til sesongen var over. Men dagens artikkel i Sunnmørsposten gjer den plutselig dagsaktuell
For utgangspunktet vårt er at vi liker lokale talent. Også trenertalent. Trond Fredriksen - med 3 års eliteserietrenererfaring - kan faktisk kallast det. Han blei kasta tidlig ut i det, og endte opp med å få sparken av sine venner. Kjedelig. Men det treng ikkje å vere trenerslutten for han, verken i Ålesund eller Aalesund. Det kan godt tenkast at han i nær eller fjern framtid kan bli nyttig for klubben igjen. Enten direkte involvert i oransje, eller i ein av naboklubbane. Uansett er det fornuftig og sikkert nødvendig å få fart på karriera igjen ein anna plass.
Tilfellet Bjørn Helge er litt annleis. Det var venta at han var komen heim for å spele seg ferdig og bli trener i klubben. Slik gjekk det ikkje. Han reiste til Sogndal for å få speletid. Det var det lite av her, og det var tydeligvis ikkje plass i trenergruppa heller. Det skal seiast at mange gode folk er komne inn der det siste året, men samtidig er Bjørn Helge ein mann det hadde vore kjekt å ha med.
Det er lett å sjå på Trond som ein med ankeret godt planta i Ålesund. Å sjå for seg at dersom han reiser ein annan plass for å få seg trenerjobb, så kjem han tilbake når anledninga byr seg. Litt meir usikkert når det gjeld Bjørn Helge. Han har berre bodd her nokre år og er vand med å flytte. Om han først reiser er det mindre sannsynlig at han kjem tilbake. Han har sjølvsagt halvvaksne ungar han og, men mange trenarar har flytta rundt på dei før han.
Og no er trenerjobben i Brattvåg ledig. Saman med den i Hødd er det plassen der ein trener kan bevise dyktigheten sin. Karl Oskar Fjørtoft forsvant ut på merkelig vis. Etter han gjekk ut i avisa var det ikkje rart det gjekk som det gjorde, men det er vanskelig å vite kva som skjedde i forkant. Uansett "erfarer Sunnmørsposten" at både Trond og Bjørn Helge står på blokka til Brattvåg. Og "blokka til Brattvåg", det er "blokka til Hoff", det. At dei står der kunne eg og ha sagt. Det ville ha vore tjenesteforsømmelse å ikkje ha dei der. Spørsmålet er kor mange som er aktuelle, og korleis klubben prioriterer. Eg håper at ein av dei får og tar jobben. For sunnmørsfotballen si skuld.
Avisa har sjølvsagt snakka med begge to. Begge seier at dei ikkje har vore i kontakt med Brattvåg. Og begge kan vere interessert i jobben. "Spelende trener" er ikkje aktuelt for Bjørn Helge, så han må først bestemme seg om det blir det eine eller andre. Så då er det berre å lene seg bak og vente på kva det blir til. Om vi har plass til tankar som ikkje inkluderer Strømmen.
https://www.smp.no/100Sport/fotball/Rii ... 4121b.html