Moderator: Arcturus

Svar
Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

NM 2020

Legg inn av Guru » tir apr 14, 2020 12:39:21

"Avlys cupen", seier ein eliteserietrener.

Ja, kanskje blir det eitt av tiltake som blir gjort i år.

Men å gjere det av hensyn til dei 4 laga som skal spele europacup blir litt tøysete. Så viktige er dei ikkje. Då får heller dei 4 stå over. Eller stille med juniorlaget om dei ikkje vil prioritere den turneringa.

Hovedproblemet er uansett tid. Det blir hektisk nok å arrangere berre seriekampane i årets sesong. Cupkampar i tillegg blir veldig tøft. Tida får forresten vise om det blir serie i år. Kor mange divisjonar som klarer det. Og kor mange som eventuelt nøyer seg med enkel serie.

Normalt sett betyr cupen 7 kampar for laga som kjem til finalen. (I tillegg til 2 kvalifiseringsrunder for laga litt ned i divisjonssystemet.) Det er sjølvsagt dei færreste som faktisk ender opp med 7 kampar, men alle eliteserielaga sikter i alle fall på det. Og ein må ta høgde for det i oppsettet.

Alternativ 1: Kjør på som vanlig. 7 kampar for finalelaga.

Alternativ 2: Cup kun for elite- og 1.divisjonslag. 5 kampar for finalelaga.

Alternativ 3: Cup kun for elitelaga. 4 kampar for finalelaga.

Men vi kan også gå motsatt veg:

Alternativ 4: Cup utan eliteserielaga. 6-7 kampar for finalelaga. NM-vinneren bør i så fall spele ein ekstra playoff neste vår mot nummer 4 i serien for å fordele ecupplassen.

Alternativ 5: Cup utan elite og 1.divisjonslag. Skikkelig breidde-NM. Unik mulighet for laga som vanligvis ikkje er med i den kampen. Ikkje minst blir desse kampane viktige dersom laga kun speler enkel serie.

Alternativ 6: Ei skikkelig bastardløysing. Kombiner to av alternativa. Enten alternativ 2 & 5 eller 3 & 4. Alle får vere med, men vi ender opp med 2 vinnarar. Vinsten der blir færre kampar for laga som kjem langt.

Men kva med å forlenge sesongen?

Alternativ 7: Alle laga med, som vanlig. Men bruk også vinter og vår, med finale i mai '21. NM 2021 kan gjerne starte før 2020 er ferdig.

Likevel, dersom fotballen ikkje kjem i gang 15.juni - vilket er eit veldig reelt alternativ - då må vi nok vurdere det unevnelige og:

Alternativ 8: Avlyse NM 2020.
Nokon veit bedre enn andre

AsE987
Innlegg: 1695
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: NM 2020

Legg inn av AsE987 » ons apr 15, 2020 09:39:56

Synes alternativ 4 høres ganske artig ut. En unik mulighet for alt som rører seg nede i divisjonssystemet til å pynte på pokalskapet.
Norges "semiproffmester i fotball 2020"
Problemet er at disse lagene har sin serie å spille, de og.

Det finnes regler (tror jeg) som sier at en EL-plass må være reservert til cup. Helt sikkert mulig å overkomme dette med årets spesielle hendelser.
Mest trolig blir det alternativ 8.

Jeg savner fotball, jeg..

Svar