Moderator: Arcturus

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Guru » fre jul 03, 2020 11:41:24

«Jonatan Tollås Nation er den viktigaste enkeltspeleren i eliteserien.»

Dette er påstanden til ein av fotballekspertane våre, frå Eurosport om eg ikkje husker feil. Tanken er at ingen andre spelarar utgjer så stor forskjell om han er med eller ikkje. Dei har rett og slett ingen andre på hans nivå. I fjor var han skadeplaga og fekk berre med seg 10 kampar. Det var eit aldri så lite spørsmålstegn ved han i år og, nettopp på grunn av fjorårshistorikken. Så langt har han spelt 3 av 5.

Sarpsborg (b) 1-0
Stabæk (h) 2-2 (utan JTN)
Odd (b) 1-4 (utan JTN)
Viking (h) 2-1
Rosenborg (b) 1-1

Få tall, men dei understøtter teorien. 3 baklengs i snitt utan vår gamle helt. 0,67 med. Kjenner ikkje til at han har vondt no.

Dag Eiliv Fagermo er det nye i Vålerenga. Kunne ikkje fordra han i Strømsgodset, då han stadig hakka på oss. Så har han hatt 12 meir sympatiske år i Odd der han heller har trykt på dei irriterende knappane hos Molde. Fotballmessig er han i alle fall tydelig. 4-3-3, den klassiske sorten. Det er sjølvsagt eit stilskifte for spelerane sidan Deila i fjor, men dei har kompensert med å ha kun tidlegare Odd-spelarar på midtbana.

Klaesson
Borchgrevink Tollås Näsberg Adekugbe
Lekven OldrupJensen Shala
Dønnum Vilhjalmsson Finne

Sahraoui for Finne etter 64
Horn Myhre for Lekven etter 65
Nouri for Borchgrevink etter 81
Stokke for Dønnum etter 84
Haug, Lædre Bjørdal og Vega på benken.


Dette er altså laget som tok eit fortjent poeng på Lerkendal onsdagskvelden. Venstrekanten med Adekugbe på backen er beskrivd som «vanskelig å demme opp for», men også som «mulig å utnytte». Ein ganske vanlig kombinasjon. Aron Dønnum er kunstner og salgsobjekt, Matthias Vilhjalmsson er den hardt arbeidende angriperen. Kristoffer Klaesson er ein svært lovende keeper på kun 19 år.

Tabellmessig har dei 8 poeng på 5 kampar. Dermed er dei nummer 8, à poeng med Mjøndalen på femte. 2 poeng bak Brann på medaljeplass. Ei svært grei opning som gir eit godt utgangspunkt for fortsettelsen. Gullet blir vanskelig.


La oss ta turen 6 poeng og 7 plassar nedover tabellen. Der ligg vi. Nede i sumpa, men ikkje nederst. Etter ein trøysteslaus start spelte vi to kampar som gav håp og irritasjon over manglande sigrar. Så smalt det mot Mjøndalen igjen, og alle dei svarte tankane er tilbake.

Men det er ingen grunn til å grave seg ned. Eg liker faktisk litt situasjonen med massevis av kampar, skader og suspensjoner som tvinger oss til å måtte gjere endringer frå normalen. Då får vi prøvd både spelarar, ideer og moral som vi eller ikkje ville ha fått sett. Og det kom plutselig til meg i går – nesten ein religiøs følelse – på laurdag vinn vi årets første kamp!! Det er sjølvsagt litt tidlig å feire den allereie no, vi har ein jobb å gjere. Gutane kan å spele fotball, liten tvil i det. Det er dei enkle tinga:
- Tørre å spele fotball.
- Tru på seg sjølve.
- Ta ansvar.
- Jobbe rompa av seg.
- Lojalt følge planen.
- Utnytt sjansane.
- Skikkelig forsvarsspel, både strukturelt og individuelt.
7 enkle punkt. Vi er eit godt lag fullt av gode spelarar. Faktum er at vi har ein stor og brei stall. 26 spelarar, pluss ein som er lånt ut. Det skulle ha gjort at vi toler kampbelastninga godt. I staden har det gjort at vi i alle fall klarer å stille eit slagkraftig lag når mange er ute samtidig. På onsdag fekk tre nye spelarar starte for første gong. Dei gav oss positive svar som vi kan ta med oss videre. Det er godt mulig at ein eller fleire av dei starter denne gongen og.

Eg trur eg høyrde eller leste at Lars Bohinen sa at ingen av dei som mangla onsdag vil vere klar søndag. Det er sjølvsagt lov å håpe, men i utgangspunktet får vi tru at det stemmer. Det betyr at vi mister Haugen med karantene. Håvard Mork Breivik er den einaste aktuelle erstatteren i A-stallen. (I tillegg til Mawete, men han er målmann.) Vi har også 5 spelarar på B-lista. Kristoffer Ødven er den eine og var allereie i troppen mot Mjøndalen. Nokon som veit kven dei 4 andre er? Ein målmann, tr eutespelarar.

Vi kan også anta at vi stiller i 3-4-3, som samanlikna med 3-5-2 er tryggare defensivt. Sistnevnte blir 5-3-2 når vi forsvarer oss, og treeren på midtbana får rett og slett for store rom å dekke.
Heilt bakerst er alle klare. Andreas Lie er omdiskutert, men han er førstekeeper. Han står.

I stopperrekka er det kun ein mann ute. Det er til gjengjeld sjefen. Daniel Gretarsson, som er bankers i midten. Grønner dekker den plassen når han er ute. Oddbjørn Lie eller Klinkenberg speler til venstre? Men kven blir høgrestopper? Både Klinkenberg, Sæthre og Bizoza er aktuelle. Dei to sistnevnte kanskje mest i utgangspunktet, men det kan bli bruk for dei andre plassar. Klinkenberg avslutta forrige kamp der, men høgrefoten er neppe den presise langpasningsfoten som vi ønsker i den posisjonen. Kan Klinkenberg spele sentralt og Grønner på sin vanlige plass til høgre? Det spørs kor kjent dei forskjellige spelerane er med dei forskjellige posisjonane. Håvard Breivik er høgaktuell for troppen. Og for innhopp dersom laget er sett opp på rett måten.

Sentralt på midtbana har vi to plassar å fylle. Hovedjobben der er defensiv, å vere gode ballvinnarar, gå i krigen. Kreative bidrag framover er eit hyggelig pluss. Vi har fire spelarar som passer jobben som hånd i hanske: Carlsen, Izunna, Mutch og Nenass. Dessverre er alle ute med skade. Orry har gjort ein god jobb der, sjølv om han i utgangspunktet meir vil bryte framover. Sæthre og Bizoza er også høgaktuelle etter prestasjonar over forventning der i tidlegare kampar. Og så har vi ei rekke gode spelarar med meir offensive evner enn defensive: Castro, Bolkan, Karlsbakk og Määtä. Men tør vi å ha nokon av dei som ein av to på defensiv midtbane? Tvilsomt. Mulig Kristoffer Ødven passer typebeskrivelsen godt, men det blir ikkje meir enn benken.

På kantane har vi tre mann, alle friske. Dei har bytta på startplassane, og no er det Hatlehol sin tur til å kvile. Han har fått ein tøff start på sesongen. Mot Kristiansund fekk han 1 på smp-børsen, men starta neste kamp og løfta seg. Mot Mjøndalen fekk han mykje av skylda for begge baklengsmåla i første omgang. Mulig han får sjansen til å løfte seg etter nakkeskinnet no og, men sannsynligvis blir det Sno og Olafsson som tar plassane.

Plassen som midtspiss er også spennende. Tre klare førstevalg: Fridjonsson, Haugen og Agdestein. Alle saman ute. Dermed er Fiskerstrand den einaste reine spissen var har att. Castro spelte også «spiss» i fjor, men som ein av to. Han er i alle fall ingen tradisjonell midtspiss. Fiskerstrand er tilsynelatende kjapp og målfarlig. Men veldig fersk. Dersom vi ønsker ein stor og tøff ein har vi tre aktuelle alternativ i troppen. Sæthre (sjølvsagt), Bizoza (storskårer i Herd) og Orry. Dei er nok bedre i oppspelsfasen, men ikkje like farlige på langpasningane over forsvaret vi har sett mot Haugen dei siste kampane. Her kan vi ende opp med ein spydspiss med to breie kantar. Eller med ein djupare spiss med smalare kantar. Det siste vil kreve litt justering i formasjonen.

På kantane har vi plass til offensive spelarar som kan kome rundt på kant eller gå innover i bana. Som kan lage mål og som kan sette opp andre. Og som tar den defensive jobben skikkelig på alvor. Castro og Bolkan Nordli eig desse plassane. Men Karlsbakk, Määtä og Fiskerstrand passer også godt der. Med litt tid forventer eg at dei tar skrittet opp på skikkelig elitenivå.

Her er det rom for mykje tenking for trenerane våre. Eg trur dei kjem til å dette ned på dette laget:
ALie
Klinkenberg Grønner OLie
Sno Orry Bizoza Olafsson
Castro Sæthre Bolkan
(Kongshavn, Breivik, Hatlehol, Ødven, Karlsbakk, Määtä, Fiskerstrand)


Sikker er eg sjølvsagt ikkje. Og denne oppstillinga vil vere å spele ut alle dei erfarne korta frå første stund, i motsetning til mot Mjøndalen. Det kan vere lurt å spare ein speler til Orry må ut, noko som fort gir ei opning for Fiskerstrand på topp. Det blir spennende.

Og kanskje er det ein eller to som blir friske i tide. Trur dei vil anstrenge seg for å lappe saman Fridjonsson. Det er trass alt ei heil veke ferie etter denne kampen.
Sist redigert av Guru den fre jul 03, 2020 19:52:57, redigert 1 gang totalt.
Nokon veit bedre enn andre

Lypsylen
Innlegg: 21
Registrert: tor jun 18, 2020 09:03:26

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Lypsylen » fre jul 03, 2020 13:17:22

Strålande innlegg Guru, analysene dine i forkant av kamp gjer oppladinga mykje bedre!

Online
AsE987
Innlegg: 1664
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av AsE987 » fre jul 03, 2020 13:17:34

Gode tanker over her. Interessant lesning.
Jeg var en av dem som spådde at kampen mot Mjøndalen skulle gi oss seier, 3 poeng og en god følelse. Når det ble tap, null poeng og en elendig følelse, ble det ganske tungt å være supporter et par dager.

Hevet øyebrynet minst ett hakk når jeg så lagoppstillingen sist. Minst en debutant for mye. Så var det nok ikke debutantenes feil at vi tapte.
Håper du bommer med et par mann i din lagoppstilling, Guru

ALie
Bizoza Grønner OLie
Sno Orry Sæthre Olafsson
Castro Fisker Bolkan

I all elendigheten får vi fortsette å lære Stålinho å bli midtbanemann. Er jeg helt på jordet når jeg setter Bizoza som stopper? Er han venstrebeint?Hvorfor brukes han på midten, når han er stopper, istedet for Ståle, som er stopper, men øves inn på midten?

Enga blir ikke lett å slå. Vi må prøve!
Glimt kampen etter, enda værre.

Og:
Hvorfor er Holmbert og Izu utilgjengelige nå? Ble begge skadet etter Godset-kampen? Vi kommer aldri til å stille toppet lag i år...

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Guru » fre jul 03, 2020 13:50:16

AsE987 skrev:
fre jul 03, 2020 13:17:34
Er jeg helt på jordet når jeg setter Bizoza som stopper?
Overhode ikkje på jordet.

I eit intervju tidligare i år sa han at han først og fremst blir drilla inn som høgre stopper. Så det er veldig nærliggende å bruke han der. (Usikkert på om det er høgre stopper eller sentral stopper som er prioritert plass for Sæthre. Grønner foretrekker i utgangspunktet å spele i midten, men er normalt dytta ut til høgre på grunn av Gretarsson.)

Tilbake til Parfait.

Han var midtstopper på andrelaget vårt. Fram til han og ein til forlot klubben og tok eit oppgjer i avisa. Følelsen var at klubben plukka ut ein håndfull spelarar blant ungdommen som dei satsa på. Dei fekk i stor grad muligheten til å trene med A-laget, medan resten var fyllmasse uansett korleis dei presterte. Om dette er så dumt som det høyres ut til eller om det er rette måten å utvikle dei utvalgte på er ein anna diskusjon.'

Uansett gjekk han til Herd, der blei han på eitt eller anna tidspunkt brukt som spiss. Med suksess. Totalt spelte han 47 kampar og skåra 15 mål for dei i 2017 og '18. Uvisst kor stor del av kampane han var spiss.

3.divisjon er sjølvsagt eit heilt anna nivå enn eliteserien. Nokre spissar kan ta med seg nivået, andre vil falle gjennom. Men det han gjorde der var i alle fall nok til at nyopprykka Raufoss henta han dit før 2019-sesongen. Som stopper. Tredjevalg til to plassar. Omtrent i første kamp kom det ei skade, og derifrå var han egentlig fast på laget. Delvis som midtstopper, men eg trur faktisk han spelte mest på sentral midtbane. Totalt spelte han 29 kampar for Raufoss i fjor (serie+cup) og laga 5 mål (3 i serien).

Definitivt ein speler som kan brukast mange plassar. Han blei henta inn som midtstopper til oss. Og han er i følge seg sjølv aldri nervøs. Unntatt då Bohinen kalla han inn til møte to dagar inn i eit planlagt sjudagers treningopphold i vinter. "Har eg vore så dårlig," tenkte Parfait. "Eg vil ha deg," sa Lars på klingende nynorsk.

Parfait er nok ein del av løysinga i morgon. Men vanskelig å seie vilken del. Han viste på onsdag at han kan gjere manns jobb på midten. Samtidig hadde han eit par skumle ballmist som hadde vore endå skumlare lenger bak. Så det handler om tillit. Bohinen stoler no på han som midtbanemann. Har han same tilliten som stopper?
Nokon veit bedre enn andre

Lypsylen
Innlegg: 21
Registrert: tor jun 18, 2020 09:03:26

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Lypsylen » fre jul 03, 2020 17:10:54

Nokon med smp pluss abonnement som gidd å fortelle meg kva Tollås Nation seier om en evt retur til Aalesunds?

jast
Innlegg: 1273
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av jast » fre jul 03, 2020 19:45:37

ALie er ute av troppen , Fridjonsson er med


https://www.aafk.no/nyheter/to-spillere-returnerer

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Guru » fre jul 03, 2020 20:00:21

jast skrev:
fre jul 03, 2020 19:45:37
ALie er ute av troppen , Fridjonsson er med


https://www.aafk.no/nyheter/to-spillere-returnerer
Såpass...

Andreas Lie, Sigurd Haugen og Kristoffer Ødven ute sidan sist.
Enoch Mawete, Holmbert Fridjonsson og Izunna inne.

Det opner for endå fleire muligheiter. Må tenke litt før eg tipper lagoppstilling. Kanskje til og med eg skal driste meg til å anbefale ei?
Nokon veit bedre enn andre

rogerlima
Innlegg: 257
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av rogerlima » fre jul 03, 2020 20:32:19

Forhåpentligvis første steg i satsingen på Kongshavn som førstekeeper. Han har et langt større potensial enn Lie.

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av olav60 » lør jul 04, 2020 10:10:49

VIF er vel radisjonelt et humørlag. Et under kan skje i denne kampen. Norsk Tipping levner AaFK små sjanser og der er ekspanderte muligheter i hytt og pine. Eneste som mangler at er en bestemor fra ett av lagene scorer ;)

weasel
Innlegg: 1189
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av weasel » lør jul 04, 2020 11:03:37

Lypsylen skrev:
fre jul 03, 2020 17:10:54
Nokon med smp pluss abonnement som gidd å fortelle meg kva Tollås Nation seier om en evt retur til Aalesunds?
Han er diplomatisk i intervjuet og sier han har lyst å returnere til Aafk på et senere tidspunkt, men nå vil han ta videre steg i karrierestigen. Håper Reservekeeperen gjør det bra no som han får muligheten!

weasel
Innlegg: 1189
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av weasel » lør jul 04, 2020 12:02:17

I dag er dagen da det snur!

Brukeravatar
Nick Name
Innlegg: 869
Registrert: lør jul 13, 2013 01:03:31

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Nick Name » lør jul 04, 2020 13:12:54

Ikke at jeg har troa, men mann skal aldri si aldri .
Det var nettopp borte mot VIF det snudde i 2015 (i hvertfall for en periode) i Fredriksens første kamp som hovedtrener, etter at Åbrekk fikk sparken etter fire runder

Brukeravatar
Nick Name
Innlegg: 869
Registrert: lør jul 13, 2013 01:03:31

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Nick Name » lør jul 04, 2020 13:25:30

Spent på hva Kongshavn kan bidra med. Han er vel kjent for en litt høy tabbe-frekvens. Men om han bidrar mer i forsvar(luftrom) og angrep (igangsetting), så lever jeg godt med litt flere keepertabber

weasel
Innlegg: 1189
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av weasel » lør jul 04, 2020 13:28:28

Spesielt igangsetting er der mye å hente.

SandMan65
Innlegg: 436
Registrert: søn apr 10, 2005 03:13:59

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av SandMan65 » lør jul 04, 2020 13:52:28

Av en eller annen grunn spiller vi alltid bra mot VIF. Men med alle skadene vi nå har i troppen har jeg en dårlig følelse. Vi ser nå hvor fatalt sårbar vi er på spissplassen når vi ikke klarte å få inn en spiss til da Agdestein ble langtids-skadet. Og med skade-historikken til Holmbert i tillegg har Bohinen&Co bare seg selv å takke for at vi er i denne situasjonen. Det ser nå ut som at Holmbert er klar til kamp igjen, så det blir nok til at han blir brukt på topp i en 3-4-3 formasjon. Det er nå på tide at gutta viser at de har hår på brystet og har konsentrasjon/fokus på arbeidsoppgavene de er tiltenkt på bana.

motor_II
Innlegg: 68
Registrert: lør jun 27, 2020 11:37:05

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av motor_II » lør jul 04, 2020 15:31:59

Tror på jevnere kamp enn bookmakerane!

rogerlima
Innlegg: 257
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av rogerlima » lør jul 04, 2020 16:07:56

Én ting skal vi ha basert på innleggene i kamptrådene i år: vi er som regel langt mer optimistiske enn det er grunn til😂

Heia Å!

Abderrazak Matzerath
Innlegg: 1016
Registrert: tir apr 02, 2013 13:14:30

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Abderrazak Matzerath » lør jul 04, 2020 16:43:49

Vel, jeg tror på en overraskende jevn kamp som vi til slutt taper 1-4... :oops:

Spent på laguttaket, forventer Bizoza fra start, kanskje Sno og. Om VIF gir oss kontringsrom som Godset periodevis gjorde samtidig som noen fra AaFK faktisk treffer mål så kan det jo gå bedre enn frykta. Håper Haugen finner nettmaskene oftere enn kortstokken til dommeren. Castro bør vel trives på stor stadion i hovedstaden? Håper på bedre forsvarsspill og bedre samhandling framover på banen. Tar gjerne imot årets første 3-poenger.

Edit: OK, Holmbert, da.

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Guru » lør jul 04, 2020 17:01:57

Vi har nevnt at vi skal møte Tollås, som spelte 143 eliteseriekampar for oss fram til han gjekk til Vålerenga etter 2014-sesongen. (Kun Orry, Hogne, Carlsen, Arnefjord og Grytebust har fleire.)

Men vi har møtt han mange gongar før. Det er ein vane, både for oss og han.

Men for Niklas Castro er det nytt. For første gong skal han møte Vålerenga. Han fekk 9 seriekampar for dei i 2016, før han blei veid og funnen for lett. No er han tilbake, for aller første gong. Føles det spesielt for han? Har han noko å bevise? Det siste har han heilt sikkert, både ovanfor Vålerenga, seg sjølv, oss og alle som har utropt han til verdas beste obosligaspeler. Det har ikkje vore mykje sprudling på han så langt i sesongen. Men det skal han ha; han har tatt ansvar og gjort den defensive jobben han skal gjere. Gode glimt innimellom og to mål, men alle forventer meir.

Om laget fungerer i dag, så blir det rom for både han og andre til å briljere.
Nokon veit bedre enn andre

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Guru » lør jul 04, 2020 19:23:22

Laget er tatt ut. Tipper dei blir stilt opp slik:

Kongshavn
Sæthre Grønner Klinkenberg
Sno Orry Bizoza Olafsson
Karlsbakk Castro Bolkan

Spennende, i dag igjen!
Nokon veit bedre enn andre

jast
Innlegg: 1273
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av jast » lør jul 04, 2020 19:28:14

Guru skrev:
lør jul 04, 2020 19:23:22
Laget er tatt ut. Tipper dei blir stilt opp slik:

Kongshavn
Sæthre Grønner Klinkenberg
Sno Orry Bizoza Olafsson
Karlsbakk Castro Bolkan

Spennende, i dag igjen!
Og Fridjonsson :) i stedet for Karlsbakk

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av olav60 » lør jul 04, 2020 19:56:26

START krabbet forbi AaFK så status er direkte nedrykk

jast
Innlegg: 1273
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av jast » lør jul 04, 2020 19:58:03

olav60 skrev:
lør jul 04, 2020 19:56:26
START krabbet forbi AaFK så status er direkte nedrykk
Start var foran før denne runden også ;)

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Guru » lør jul 04, 2020 19:58:40

jast skrev:
lør jul 04, 2020 19:28:14
Guru skrev:
lør jul 04, 2020 19:23:22
Laget er tatt ut. Tipper dei blir stilt opp slik:

Kongshavn
Sæthre Grønner Klinkenberg
Sno Orry Bizoza Olafsson
Karlsbakk Castro Bolkan

Spennende, i dag igjen!
Og Fridjonsson :) i stedet for Karlsbakk
Der bytta dei bilde på instagram, gitt.

Kjør på!!
Nokon veit bedre enn andre

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av olav60 » lør jul 04, 2020 20:01:39

jast skrev:
lør jul 04, 2020 19:58:03
olav60 skrev:
lør jul 04, 2020 19:56:26
START krabbet forbi AaFK så status er direkte nedrykk
Start var foran før denne runden også ;)
Har du begynt å se på målforskjell allerede? ;)

jast
Innlegg: 1273
Registrert: tor des 06, 2012 18:59:37

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av jast » lør jul 04, 2020 20:21:20

olav60 skrev:
lør jul 04, 2020 20:01:39
jast skrev:
lør jul 04, 2020 19:58:03
olav60 skrev:
lør jul 04, 2020 19:56:26
START krabbet forbi AaFK så status er direkte nedrykk
Start var foran før denne runden også ;)
Har du begynt å se på målforskjell allerede? ;)
Målforskjellen er jo der alltid når en ser på tabell med 2 lag med lik poengsum.Så Start klatret ikke forbi i dag. Men legger denne diskusjonen død nå . Nå er det kampen som gjelder.

88charlie
Innlegg: 438
Registrert: fre aug 23, 2002 17:09:17

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av 88charlie » lør jul 04, 2020 21:07:40

Deilig med et deilig mål!

Laget fremstår vesentlig bedre nå

Online
AsE987
Innlegg: 1664
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av AsE987 » lør jul 04, 2020 21:08:23

ENORM HEADING av Fridjohnson! Utrolig godt gjort.
Vi parkerer bussen noe voldsomt. Om vi bare kan holde nullen.. Fridjohnson fungerer som Aarøy,og enda bedre enn han i glansdagene. Resten ligger lavt.

Sykt at vi har ledet i 4 av 6 kamper og har 2 poeng.

Brukeravatar
Amadeus
Innlegg: 8100
Registrert: fre nov 11, 2005 14:33:27

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av Amadeus » lør jul 04, 2020 21:09:20

Ser bedre ut en på lenge dette, og deilig med en keeper som treffer innenfor sidelinjene på utspark.

Sent fra min LYA-L29 via Tapatalk


Online
AsE987
Innlegg: 1664
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 6 - Vålerenga vs Aalesund - Laurdag 4.juli 20.30

Legg inn av AsE987 » lør jul 04, 2020 21:12:04

Syns dette minner mye om kampen mot Godset. Gjorde en god figur der. Så får vi håpe vi kan få en 2-måls ledelse, eller gud forby holder nullen i dag!

Svar