Moderator: Arcturus

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Guru » ons jul 08, 2020 13:26:06

Og plutselig skal vi møte heile fotball-Norge sine kjæledegger. Alle elsker Bodø/Glimt. Dei er søte. Dei er gule. Dei speler strålende fotball. Dei gjenskaper og forsterker fjorårets suksess trass i at fleire viktige spelarar har reist. Dei bygger lag med spelarar håndplukka fordi dei passer, ikkje fordi dei var best hos ein konkurrent. Dei har bygd suksessen ved hjelp av godt arbeid. Dei øydelegger ikkje for andre, med eit mulig unntak av Tromsø som dei har krangla med seinast i vår. Og ikkje minst; Vi unner mykje heller dei suksess enn dei mindre sympatiske laga dei konkurrerer med. Akkurat no finns det to slags fotballfolk i Norge; Dei som heier på Bodø/Glimt, og dei som har Bodø/Glimt som backup-laget sitt.

No er det vi som skal få sjansen å stoppe dei. Hittil har Viking, Haugsund, Rosenborg, Sarpsborg, Odd og Brann prøvd og feila. Sjølv har eg kun sett siste timen mot Brann og oppsummeringa av alle kampane. Det er nok til å la seg imponere. Det er ikkje berre enkelt å legge ein slagplan som garanterer oransj suksess. Og det er heller ikkje sikkert så mange unner oss det. For dei heier på kjæledeggane frå Bodø. Fordi dei liker dei, fordi dei vil halde oss bak primærlaget sitt, eller fordi dei vil halde Glimt foran andre dei ikkje liker. Strengt tatt er det antakeligvis berre folk frå sentrale Romsdalstrakter som kan tenkast å halde med oss. Og kanskje ein og anna optimistisk trønder. For eit selskap vi er havna i...

Viking (b) 4-2
Haugesund (h) 6-1
Rosenborg (b) 3-2
Sarpsborg (h) 2-1
Odd (b) 4-0
Brann (h) 5-0

Talla er altså imponerende. Ofte gir dei bakenforliggende talla eit nyansert bilde. I dette tilfellet er det ikkje mykje nyanser. Statistikkane til både NIFS og VGLive viser overkjøring i 4 av 6 kampar. Aller mest dei to siste. Unntaka er kampane mot Sarpsborg og Viking. Dei var jamne. I følge VGLive hadde faktisk Viking fleire sjansar enn Glimt (7-6). Men Glimt vant, skaut fram brystkassa og har endå ikkje trekt den tilbake.

Vi kan dykke litt til ned i NIFS sine statistikker. Glimt har 82 avslutninger så langt. Det er sjølvsagt mest. Kristiansund er nummer 2 med 73. Aalesund nummer 14 med 42. Og Sandefjord sist med 34.

Totalt har dei laga 24 mål. Det vil seie mål på 29% av avslutningane. Både flest avslutninger og mest effektive; det er kombinasjon med smell i. Det er himmel og hav sidan noko lag har starta like godt. 6 sigrar på rappen frå sesongopninga. Klarer dei nummer 7, så tangerer dei Rosenborg sin rekord frå den gongen Åge Hareide trena dei. Berre vi som står i vegen for dei. Og Kristiansund om dei hever blikket til neste kamp.

Men bortsett frå tall, korleis speler dei? «Klassisk 4-3-3» har vore svaret, i alle fall sidan Trond Sollied trena dei på tidlig 90-tall. Og det er det endå. Tradisjonelt er dei kjent som eit svært dyktig kontringslag som ligg lavt og hogg til når muligheten byr seg. Det kan dei endå, men dei har også lært seg den vanskelige biten. Dei speler skjorta av lag som legg seg lavt. Det er rett og slett ikkje enkelt å møte dei. Det er mulig at oppfatning mi er farga av at eg såg kampen mot Brann. Men den kampen var tydeligvis ikkje eineståande, så då er det berre å tru på mine eigne auge. Her er enkelte ting eg la merke til:
- Dei spring som ville dyr. Om ein speler mister ballen i angrep, så slutter han ikkje å jage før han er tilbake over eiga dødlinje. Eller meir sannsynlig: Til han har vunne att ballen.
- Dei spring som ville dyr. Og er i overtall overalt. Uansett kor mange spelarar som forsvarer seg mot dei, så har de fleire angriparar å kome med. Frå alle kantar. Å få fred med ballen i laget er berre å gløyme. Den minste feil vil bli avslørt og straffa. Ruben Kristiansen hadde ikkje akkurat nokon god dag på jobb, og han er kjent for å vere relativt pålitelig.
- Dei spring som ville dyr. Men speler ball som Barcelona, berre med meining. Bevegelsane og balltrillinga gjennom eit overbefolka motstanderforsvar er til å bli svett av. Det var knapt ikkje mulig å sjå ein forsvarer som klarte å henge med på noko. Eit klassisk angrep starter med venstrekanten som har ball og blir dekka av to motstandarar. Ballen går inn i bana til ein indreløper som har rivd seg laus frå sine. I det forsvarerane følger ballen med augene eit tidels sekund forsvinner kanten ned bak dei mot dødlinja, for ballen tilbake på ei berøring og sender den inn til tre spisser foran mål på neste. Dei lager mål som til og med motstanderane må applaudere.
- Det ryktes at forsvaret deira er svakare enn angrepet. Dersom du lykkes med å sette dei under press stiger muligheitane dine. Det var Brann sin plan, og dei starta godt. Så skåra Glimt. Og så skåra Glimt igjen. 11 minutt.

Fordelen med å møte Glimt er at vi kan vere ganske sikre på kven vi møter. Nikita Haikin sto riktignok i mål dei 3 første kampane. Og Marius Høibråten erstatta Brede Moe mto Odd. Men bortsett frå det er det dei same 11 som har starta kvar einaste kamp:
Smits
Sampsted Moe Lode Bjørkan
Fet Berg Saltnes
Zinckernagel Junker Hauge


Det er lett å peike ut Kasper Junker som nøkkelspeler. Han har 8 mål og er toppskårer i divisjonen. Men han er berre den som triller inn kvarttredje mål. Når ein ser på kven som blir bytta ut – og dei bruker å bytte mange dei fleste kampane – er det eit par mann som mangler. Patrick Berg og Ulrik Saltnes har spelt kvart einaste minutt så langt. Saman med islendingen med det velklingende navnet Alfons Sampsted. Dei to på midtbana er svært sentrale. Kanskje aller mest Saltnes. Mitt tips er at han er den viktigaste speleren deira.
Tilbake til statistikkane. Så langt i sesongen er det 4 spelarar i eliteserien som har fleire enn 2 målgivende pasninger. Alle speler på Glimt. Ulrik Saltnes, Kasper Junker og Jens Petter Hauge har 3. Men Philip Zinckernagel er kongen med 6. Kanskje verdt å ha eit auge på han og. Men kven skal vi i så fall oversjå?


Har eg gjort nokon til pessimister no? Det var ikkje meininga. Kanskje litt. Bryte ned, så bygge opp. Trass alt er dei berre 11 spelarar og nokre gode innbyttarar i ein sjuk flytsone. Men det har ikkje gått heilt på skinner. Ta ein kikk på kampane mot Viking og Sarpsborg. Kva var det dei gjorde rett? Rosenborg klarte forresten å lage 2 mål med sin 10 spelarar mot Glimt sine 11. Dei er berre eit fotballag. Og dei er berre fotballspelarar. Til no har det gått slag i slag, utan mulighet til å verken trene eller tenke. No har dei den sjansen. Særlig til å tenke. Og då tenker dei «wow!». Så lar dei seg imponere av det dei har fått til. Og oppdager at dei setter rekord om dei slår oss. Og så tenker dei litt til på det, og begynner å bli redde for å feile. Det er mykje som er vanskelig her i verda, og å fortsette å prestere over forventning er definitivt ein av dei. Presset blir stadig større, og det blir nesten behagelig å tape ein kamp. Å kome litt tilbake der det er litt meir komfortabelt. Det er ikkje mange forunt å ha ein vinnerkultur som tar slikt på strak arm. Bodø/Glimt er ikkje der. Dei lever eit eventyr, og lurer på når dei skal våkne.

Vi har også den same muligheiten til å trene og tenke. Kva skal vi beskytte oss mot og kva skal vi utnytte? Kva skal vi stramme inn og korleis skal vi få det til? Kva har vi som vil lage trøbbel for dei? Det finns ein god plan der ute, og om vi klarer å gjennomføre den med nøyaktighet, besluttsomhet, konsentrasjon og ein liten dasj nødvendig kynisme, så er det vi som kjem til å vere rundens snakkis. Det kan sjølvsagt gå med oss som med Brann og Odd og Haugesund, men det er i så fall fordi vi feiler. Gjer vi jobben vår 100%, så blir det ikkje artig å vere gul på Color Line søndag.

Vi kan ta turen innom statistikkane igjen og skru litt på dei. Kasper Junker er altså toppskårer med 8 mål. Holmbert Fridjonsson er vår mann. 4 mål og delt fjerdeplass med tre andre. Men det er mål totalt. Kva med minutt per mål? Junker skårer imponerende ofte. Kvart 58.minutt. Men Holmbert er bedre. Kun 53 minutt mellom kvart mål!! (Skulle gjerne sagt at han er mest effektiv i serien, men Amahl Pellegrino har 7 på 334 minutt og ligg dermed aller øvst.)

Eg er ikkje heilt sikker, men tipper vi stiller opp laget i 3-4-3. Kongshavn har gode muligheter til å ta plassen i mål. Grønner starter heilt klart i forsvaret, ellers er det usikkert. Lie eller Klinkenberg til venstre. Kanskje Gretarsson er tilbake? Eventuelt blir det Sæthre eller Bizoza til høgre.
På kantane antar eg Sno og Olafsson tar plass. Hatlehol er i utgangspunktet eit tryggare defensivt alternativ enn Sno, men han har hatt eit par uheldige opplevelser samt at vi kan nyte godt av Sno sine offensive bidrag.
Orry og Bizoza har gjort ein god jobb sentralt og ligg godt an til å fortsette. Men Carlsen bør vere klar og kan gå rett inn. Kva er statusen til Mutch? Og kan Sæthre fortsatt vere eit midtbanealternativ for å vinne krigen? Izunna starter neppe.
Fremst er det faktisk spennende. Bolkan Nordli og Castro er klare førstevalg på kantane. Begge har kreative evner som det er svært vanskelig å forsvare seg mot. Men sist blei Bolkan bytta ut til pause på grunn av defensive problem. Karlsbakk kom inn, retta feilen og bidrog framover med mykje av det same. Det er ikkje utenkelig at han får sjansen igjen. Det største spørsmålet er likevel kva vi gjer med Fridjonsson og Haugen. Haugen har etter kvart vist seg som ein god mann å slå ballen mot når vi ligg djupt. Vi har lyst å ha han med. Men Fridjonsson er i slag, lager mål på bestilling og presterer godt i alle faser. Vil Bohinen klare å velge den eine og vrake den andre? Eller vil han dytte ein av dei ut til venstre og dermed få med begge? For to mann på topp er vel ikkje eit alternativ. Eg har tiltru til at trenerane våre ser mykje klarare enn meg kva som er den beste løysinga.

Det blir spennende. Kan bli veldig bra. Gler meg!!
Nokon veit bedre enn andre

weasel
Innlegg: 1189
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av weasel » ons jul 08, 2020 19:44:33

Plutselig vinner vi. Plutselig taper BG. Det kan skje på søndag, satser på det.

AsE987
Innlegg: 1665
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av AsE987 » tor jul 09, 2020 09:00:47

En seier her vil være meget overraskende, for å si det mildt. Et lag som har lag 24 mål på 6 kamper skal møte laget som har sluppet inn 19 mål på samme antall kamper. Det høres ut som oppskriften på kalassifre, en målrik kamp. Som ikke er i vår favør.

Det er faktsik litt konkurranse i laguttaket vårt til denne kampen. Kan bare håpe at en ukes pause har gjort underverker for de fleste. Og at det har vært snakka om baklengsmål, defensiv kollaps og det å ha trua på egne ferdigheter når det står på som værst.

Men viktigere kamper kommer til uka: Sandefjord og Stabæk. Her er det viktig at vi klarer å stille med en god 11'er. Vi kan ikke gjenta det som skjedde mot Mjøndalen.

AsE987
Innlegg: 1665
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av AsE987 » tor jul 09, 2020 09:00:47

En seier her vil være meget overraskende, for å si det mildt. Et lag som har lag 24 mål på 6 kamper skal møte laget som har sluppet inn 19 mål på samme antall kamper. Det høres ut som oppskriften på kalassifre, en målrik kamp. Som ikke er i vår favør.

Det er faktsik litt konkurranse i laguttaket vårt til denne kampen. Kan bare håpe at en ukes pause har gjort underverker for de fleste. Og at det har vært snakka om baklengsmål, defensiv kollaps og det å ha trua på egne ferdigheter når det står på som værst.

Men viktigere kamper kommer til uka: Sandefjord og Stabæk. Her er det viktig at vi klarer å stille med en god 11'er. Vi kan ikke gjenta det som skjedde mot Mjøndalen.

weasel
Innlegg: 1189
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av weasel » tor jul 09, 2020 10:46:14

AsE987 skrev:
tor jul 09, 2020 09:00:47
En seier her vil være meget overraskende, for å si det mildt. Et lag som har lag 24 mål på 6 kamper skal møte laget som har sluppet inn 19 mål på samme antall kamper. Det høres ut som oppskriften på kalassifre, en målrik kamp. Som ikke er i vår favør.

Det er faktsik litt konkurranse i laguttaket vårt til denne kampen. Kan bare håpe at en ukes pause har gjort underverker for de fleste. Og at det har vært snakka om baklengsmål, defensiv kollaps og det å ha trua på egne ferdigheter når det står på som værst.

Men viktigere kamper kommer til uka: Sandefjord og Stabæk. Her er det viktig at vi klarer å stille med en god 11'er. Vi kan ikke gjenta det som skjedde mot Mjøndalen.
Vi får se😁

rogerlima
Innlegg: 257
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av rogerlima » tor jul 09, 2020 11:07:32

Om Mutch er klar så håper jeg han får prøve seg i en omgang på
søndag.

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Guru » tor jul 09, 2020 11:16:01

Eg tillet meg å prøve å sette opp eit lag. I 3-4-3.

I mål står det mellom Kongshavn og Lie. Eg velger Kongshavn. Han gjorde ein god jobb mot Vålerenga, samtidig som Lie ikkje har stått over forventning så lang. Men ganske usikker.

Det er ikkje bekrefta om Gretarsson er klar. Alle andre stopperane er det, og eg antar det gjeld førstnevnte og. Sjølv om han har hatt ei tregare serieopning enn forventning har eg fortsatt tillit til han. Gretarsson sentralt, dermed Grønner til høgre. Men Lie eller Klinkenberg til venstre? Den er tøff. Lie har løfta seg, som han alltid gjer når han blir utfordra. Klinkenberg viser at han er ein verdig konkurrent. Under tvil velger eg Lie.

På sentral midtbane har Bizoza og Orry gjort ein OK til god jobb dei siste kampane. Izunna har kome inn frå benken. Det er godt mulig at både CArlsen og Mutch er klare. Eg går ut frå det. Og då kaster eg Carlsen rett inn. Han er kaptein og innpisker. Så langt i år har han spelt ein omgang. Då var vi bedre enn Molde. Den andre plassen går til hardtarbeidende Bizoza, som er sterk og modig både framover og bakover.

Sno, Olafsson eller Hatlehol; kven skal ut? I utgangspunktet er Olafsson den einaste venstrefoten, men Sno blei plassert der for å ta ut Koomson mot Brann. Muligheitane er mange, men eg tenker gangske tradisjonelt. Hatlehol er på ein måte tryggare enn Sno, der ha nlojalt følger opp beskjeden om å halde ballen i laget. Men Sno er meir mannen for å gjennomføre raske angrep på kanten, og det kan bli viktig. velger Olafsson og Sno.

Fronttrioen er vanskeligast. 3 plassar, 4 som er vanskelige å vrake og ein som banker hardt på. Er det plass til både Haugen og Fridjonsson? I så fall må ein ut på kanten og gjere noko han ikkje kan best. Det blir perler for svin og bortkasta krefter. Eg seier nei. Kven skal starte? Eg tviler meg fram til Haugen. Det som vipper i hans favør er at han er i stand til å spele 90 på søndag, 90 på onsdag og 90 på søndag igjen. Så får kampbildet avgjere om Fridjonsson kjem inn i staden for eller ved sidan av han etter kvart. Castro er sjølvskriven til høgre. Men Bolkan Nordli eller Karlsbakk til venstre? Bolkan har starta kvar einaste kamp og har imponert i glimt kvar einaste gong. Karlsbakk har 2x45, og har også imponert. Dei er relativt like, både i alder og type. Denne gongen velger eg faktisk Karlsbakk.

Dermed er laget klart:

Kongshavn
Grønner Gretarsson OLie
Sno Bizoza Carlsen Olafsson
Castro Haugen Karlsbakk


Vi kan også stille ein sterk benk:
ALie, Klinkenberg, Sæthre, Orry, Hatlehol, Bolkan Nordli, Fridjonsson.

Spelarar som Izunna og Mutch har ikkje ein gong fått plass der. Sjølv om begge burde vere førstevalg når dei er 100% fit for fight.
Nokon veit bedre enn andre

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av olav60 » tor jul 09, 2020 14:36:16

Bra odds . Satser en 2222.22 siter en igjen med 1000blanke kroner hvis B/G vinner ;)
Men -tror en at AaFK sitter en igjen med 12333.33
Valget er enkelt?

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Guru » tor jul 09, 2020 15:17:51

Ei lita skadeoppdatering frå Sunnmørsposten.

Litt pluss, litt minus, flest pluss.

Fredrik Carlsen trener for fullt og er klar.
Daniel Gretarsson trener - med hjelm, og eg tolker det som om han er klar.
Holmbert Fridjonsson er fortsatt oppegående.
Ståle Sæthre er sjuk og usikker.
Andreas Lie er fortsatt plaga av albuen og står over.
Mutch, Nenass, Breivik og sjølvsagt Agdestein er ute.

Det betyr at elleveren eg satte opp tidlegare kan stemme. Men det blir plass til Mawete og Izunna på benken i staden for Lie og Sæthre.
Nokon veit bedre enn andre

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av olav60 » tor jul 09, 2020 19:20:40

B/G har tradisjoner. Låg til kai i Bodø denne minneverdige 15. september i 1976 og måtte selvsagt på kampen mot Napoli
En stor opplevelse. Husker best pasningene til Harald Berg.
Napoli imponerte ikke, men de var grusomt effektive, så det ble tap for Glimt.


SSC NapoliSSC Napoli
Goalkeeper Pietro Carmignani
Defenders Giuseppe Bruscolotti, Tarcisio Burgnich, Antonio La Palma, Giovanni Vavassori
Midfielders Antonio Juliano, Andrea Orlandini, Claudio Vinazzani
Forwards Luciano Chiarugi, Giuseppe Massa, Giuseppe Savoldi
Manager Bruno Pesaola

FK Bodø/GlimtFK Bodø/Glimt
Goalkeeper Jon Arne Abrahamsen
Defenders Arnfinn Helgesen, Truls Klausen, Ivar Pedersen
Midfielders Harald Berg, Jacob Klette, Arild Olsen, Sturla Solhaug, Trond Tidemann
Forwards Arne Hanssen, Terje Mörkved
Manager Oddbjörn Kristoffersen

rogerlima
Innlegg: 257
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av rogerlima » tor jul 09, 2020 22:17:36

Jeg trodde Mutch var fysisk klar for matching?

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av olav60 » fre jul 10, 2020 14:09:57

Kampen mot Sandefjord kommer fort. Det betyr vel mer å vinne mot dem enn å få et hederlig esultat mot B/G

kazzi
Innlegg: 393
Registrert: lør apr 12, 2014 09:49:34

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av kazzi » fre jul 10, 2020 18:08:33

Der kom følelsen! Dere vet det knipe i magen når en oddskupong bare føles riktig. Oddsen er irrelevant fordi hunchen er så sterk! Den kom nå!
Tror vi kommer bakpå og ligger under i 60-70% av kampen, men en fandenivoldskhet kommer til live fra 75 minutt og ut kampen!
3-2 seier til aafk på søndag!

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Guru » lør jul 11, 2020 12:24:14

Kongshavn
Klinkenberg Grønner OLie
Hatlehol Bizoza Carlsen Sno
Castro Fridjonsson Haugen


Slik trur Sunnmørsposten at vi stiller i morgon.

Klinkenberg på høgre stopper betyr at dei går ut frå at Sæthre og Gretarsson i alle fall ikkje er klare til å starte. Det kan godt stemme. Sæthre har vore sjuk, Gretarsson har hjelm etter hjernerystelsen.

Sentralt er Carlsen tilbake, medan det ser ut til at Bizoza har spelt seg inn på laget. I alle fall inntil videre.

To høgrekanter. Hatlehol til høgre, Sno til venstre. Det kan sjølvsagt bety at Olafsson har eit problem. Det kan også bety at Sno er plassert til venstre for å bremse Zinckernagel. Hatlehol er uansett tøff nok til å ikkje la seg knekke av litt motgang. Berre å holde fokus og tempo på beina.

Framme er det laga plass til begge spissane, på bekostning av Bolkan Nordli. Det betyr meir kraft og mindre finesse. Det kan også tolkast som om vi har planer om fleire raske angrep og mindre spel rundt 16-meteren deira.
Nokon veit bedre enn andre

Lokalfotball
Innlegg: 122
Registrert: fre jan 17, 2014 12:26:17

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Lokalfotball » lør jul 11, 2020 19:30:35

Dette er en kamp vi burde angripe med alt vi har. BG spiller en fotball som er langt fremfor absolutt alle innenfor den norske grensen, det er altså et lag vi på ingen måte kommer til å "spille ut". BG har vist hvor gode de er i det etablerte spillet, samtidig som de er giftige på kontringer.

Men, lagene BG straffer på kontringer spiller ikke med 3 stoppere, slik som AaFK gjør. Legger vi opp til å spille 3-5-2, hvor Holmbert og Haugen spiller sammen på topp, så er jeg helt sikker på at vi kommer til å skape store problemer for BG. Så lenge vi tørr å angripe og stå høyt, så er jeg sikker på at dette kan bli en tett å jevn kamp. Legger vi oss ned, så får vi store problemer. Vi er elendelige å forsvare egen boks. Stå høyt, stress stopperne og ta ut indreløperne til Glimt, da kan vi faktisk få en morsom opplevelse på søndag.

Ber dere om å gå inn å se kampen mellom VIF-Glimt i fjor. 6-0 der altså.

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Guru » lør jul 11, 2020 20:58:53

Nokon veit bedre enn andre

Guru
Innlegg: 9413
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Guru » søn jul 12, 2020 13:39:05

VG

Aftenposten / Lars Tjærnås

Dagbladet / Morten P

"Det blåser på toppene,
er like kaldt i bånn,
og gudsjammerlig kjedelig midt i."
Ole Paus



Bodø/Glimt er gode. Geniforklaringa har nådd nye høgder sidan forrige kamp. Alle er orakler som ser forklaringane tydelig. På eit hotell i Ålesund sit 18 karar i gult og gjer seg klar til kamp. Dei veit at dei fortjener skrytet. Men er samtidig opptatt av å halde beina på bakken, ikkje ta lett på motstanderen, gjere oppgavene sine. Og då veit dei at dei vinn til slutt, mot eliteseriens jumbo som slepp inn mål kvar gong ein spiss spør fint. Det er berre det som skal til for å bli historiske. For å tangere Rosenborg og Åge Hareide sin legendariske rekord frå 2003. Først Aalesund, så Kristiansund og så er rekorden deira heilt åleine. Kristiansund kan forresten bli litt vanskelige. Uansett kven som hadde starta slik Bodø/Glimt har gjort i år, så ville det ha blitt fortjent oppstuss. Men det hadde heilt klart vore mindre dersom det var Rosenborg eller Molde. Dei er trass alt i ein eigen økonomisk liga og har realistiske håp kvar sesong om å få til dette. Bodø/Glimt er like gode, men likevel i ukjent farvatn. Media forventer at dei skal vinne i dag. Bodøfolket forventer det. Og dei forventer det sjølve. Ein siger vil vere rekordbrytende, men i seg sjølv eit skuldertrekk. Uavgjort ei fadese. Tap er ikkje ein gong til å tenke på. Glimt er på bølga. Kvar siger auker presset. Før eller seinare tar rekka slutt. Det er då storheten slår inn. Slår dei tilbake og starter ei ny rekke? Eller puster dei letta ut over at presset frå omgivelsane blir litt mindre. Det er litt meir komfortabelt å vere 1 poeng bak nummer 1 enn 2 poeng foran nummer 2. Litt mindre press og stress. Dei var i ein liknande situasjon i fjor. Og har heilt sikkert lært. Men dei har aldri nådd heilt opp. All erfaring har vist at før eller seinare feiler dei. Det blir vel ikkje i dag?
Nokon veit bedre enn andre

F.I.L.
Innlegg: 3943
Registrert: tir apr 10, 2007 10:58:41

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av F.I.L. » søn jul 12, 2020 14:23:09

Vi må bare ikke gå i den fella å legge hele laget lavt. Da taper vi. Greit nok å bli spilt lavt, men vi må ha spillere liggende på topp til en hver tid. Det må B/G nødt til å forholde seg til.

Vinne ballene på midten når de er på vei framover.

SandMan65
Innlegg: 436
Registrert: søn apr 10, 2005 03:13:59

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av SandMan65 » søn jul 12, 2020 14:43:58

Skal vi vinne idag må alle i forsvar være 100% påskrudd, følge med på løpene, og kommunisere uta ville pine! Dessuten må vi ta vare på overgangene som helt sikkert vil komme. Dvs at ALLE på midtbane må tenke FREMOVER når vi bestemmer oss for å angripe. Hører dere det Hatlehol og Carlsen! Det nytter ikke å drive med uendelig balltrilling på egen banehalvdel der motstanderen får organisert forvaret og står klar å venter på oss. Slikt kan vi drive på på treningsfeltet! Kan vi overraske B/G med kjappe overganger tror jeg faktisk vi kan slå godt i fra oss i dag. Det som er med B/G er at de kommer med "alle" mann i angrep, og dette må vi utnytte til fulle ved å angripe de når de er mest sårbar. Under har skjedd før og vil skje igjen. God kamp, dette blir spennende og jeg har troa!

olav60
Innlegg: 117
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av olav60 » søn jul 12, 2020 15:30:25

Tiltredes!
Minner om at Glimt sitt største bortetap er 7-0 mot Viking i -96 Det er noe å strekke seg etter for AaFK !
Skal en være realist er nok et omvendt resultat mer sannsynlig :cry:

AsE987
Innlegg: 1665
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av AsE987 » søn jul 12, 2020 15:57:58

Gleder meg til kampstart. Jeg forventer at de oransje gir 150% utpå der. Ønsket om årets første seier bør være svært tydelig for oss TV-tilsukerne å se.
Kampen starter på 0-0. Om det er resultatet etter 90 minutter og tilleggstid, blir jeg definitivt overrasket, men ikke skuffet.
Holde nullen vil være det beste som kan skje med oss nå, utenom å vinne kampen, da.

Kapteinen er tilbake i startoppstillingen. Hvilken tilstand er han i? Kamprusten, absolutt. Men hva kan han bidra med? Kan han skape ro i rekkene, og bidra til at øyeblikkene med total kollaps og gigantisk usikkerhet i det kollektivet forsvaret blir borte? Det får vi virkelig håpe. Det er her vi har sviktet, og det er godt mulig at en ordentlig LEDER kunne ha roet ned troppene og avverget flere av kollapsene i år.

God kamp folkens, måtte vi vinne!

AsE987
Innlegg: 1665
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av AsE987 » søn jul 12, 2020 17:29:04

25 Gudmund Broks Kongshavn, 2 Shaquill Sno, 3 Daniel Leo Gretarsson, 4 Jonas Grønner, 6 Daan Klinkenberg, 18 David Kristjan Olafsson

8 Fredrik Carlsen, 9 Niklas Castro, 20 Parfait Bizoza

10 Holmbert Fridjonsson, 22 Sigurd Haugen

Toppa lag i dag?

SandMan65
Innlegg: 436
Registrert: søn apr 10, 2005 03:13:59

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av SandMan65 » søn jul 12, 2020 17:42:17

Jeg liker lagoppstillinga i dag og glad Bizoza får fornyet tillitt. Han syns jeg har vært en åpenbaring, spes i den offensive delen! Men jeg kommer til å være nervevrak når B/G angriper på sida til Olafsson, han gjør MYE rart i det deffensive arbeidet, men er jo god offensivt når han har dagen. Viktig for oss i dag å doble på kantene og komme til innlegg FRA DØRLINJA!!

rogerlima
Innlegg: 257
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av rogerlima » søn jul 12, 2020 18:16:14

Fin åpning av oss. Typisk at Glimt skårer på sin første sjanse. Og typisk at det kommer fordi vi igjen er kjerringer i boksen. Jaja, fortsett slik vi åpnet, så bør vi få uttelling.

AsE987
Innlegg: 1665
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av AsE987 » søn jul 12, 2020 18:31:11

Ja se der! Godt spill, godt innlegg og god heading!
Dette ser faktisk ut som en helt vanlig fotballkamp. Alt er mulig.

Ja nei, kanskje ikke

og kan jo like greit fortsette i samme post, så jeg ikke spammer så mye, tilsynelatende..
Here we go, again. and again. and again..
Sist redigert av AsE987 den søn jul 12, 2020 18:36:16, redigert 2 ganger totalt.

Brukeravatar
Amadeus
Innlegg: 8100
Registrert: fre nov 11, 2005 14:33:27

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Amadeus » søn jul 12, 2020 18:35:24

Jaja dett var dett...

Sent fra min LYA-L29 via Tapatalk


rogerlima
Innlegg: 257
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av rogerlima » søn jul 12, 2020 18:36:16

Personlige feil på alle målene. Vi lar Glimt slippe til med flere umarkerte spillere. Fellesnevneren i hele år. Hvor i alle dager har det kommet fra?

Arcturus
Innlegg: 3875
Registrert: man sep 16, 2002 11:33:32

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av Arcturus » søn jul 12, 2020 18:37:59

Hjelpes så det renner inn bakover for oss. Dette er flaut å se på

AsE987
Innlegg: 1665
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av AsE987 » søn jul 12, 2020 18:40:21

Nå må vi begynne å la være å sende opp folk på cornere også. i 2 kamper på rad har vi faktisk fått mål i mot på kontring etter corner. vanvittig..

1aafk
Innlegg: 607
Registrert: tor jul 27, 2017 22:58:40

Re: 7 - Aalesund vs Bodø/Glimt - Søndag 12.juli 18.00

Legg inn av 1aafk » søn jul 12, 2020 18:43:57

Noen som verkeleg har tru på et år til i Eliten? Noen som meiner at LB har utspillt sin rolle i klubben? Eg berre undrar..............

Svar