Filming og overspel, i lys av ein episode 29.juli 2020
Lagt inn: tor jul 30, 2020 15:37:44
Det finns mange høge hestar her i verda. Eg må innrømme at eg har eit par slike på stallen. Det er ein interessant øvelse å havne på "feil" side i diskusjonen, å forklare og forsvare ting ein ellers ville fordømme. Er det lett å sjå seg i speilet etterpå?
Til saken.
Niklas Castro gjekk i bakken og fekk straffe. Aalesund skåra og vant kampen etter endå eit mål siste halvtimen. Ingen veit korleis det hadde gått om dommeren hadde vurdert saken annleis, mens Start ville nok ha foretrekt å prøve den varianten.
- Kanskje var det kontakt, kanskje var det ikkje.
- Sjefsdommer Edvartsen er tydelig på at ein eventuell liten tå-til-tå-kontakt ikkje er nok til å dømme straffe. (Akkurat det slit eg med å forstå, dersom ein slik kontakt feller ein speler og det er forsvarer som er for seint ute.)
- Forsvarer Wichne trekker tilbake foten som eit brent barn. Enten fordi han har kjent ein kontakt eller fordi han vil unngå den.
- Castro mister balansen og går i bakken. Her ser det ut for meg at han hadde endt i bakken uansett om han hadde blitt treft eller ikkje.
Eg får starte med å seie som Donald: Ingen misliker filming meir enn meg!!
Samtidig merker eg at sjølv om hovudet er negativt, så er hjertet hoppende glad for 3 poeng. Dagen i dag er berre så mykje bedre enn for eksempel søndag.
Dessverre er Castro i dag verdas største kjeltring. Fordømmelsen virker unison og tung som eit fjell. Alle som uttaler seg meiner visst at det er det verste dei har sett.
La oss for sakens skuld anta at Castro trur han kjem til å bli tatt og dermed velger å "vise det tydelig" for dommeren, men at Wichne får vekk foten i tide og vår mann ikkje klarer å stoppe bevegelsen som allerie er i gang. (Godt mulig det var slik, men langt frå sikkert.)
I så fall gjorde dommeren ein feil, som svært godt mulig hadde innvirkning på poengfordelinga. I seg sjølv ein grov dommerfeil, men berre ein av mange slike i år og tidlegare år. Kvifor skal ein ta ekstra på vei for akkurat denne?
Vi treng ikkje dra linjene lenger tilbake enn til kampen mot Vålerenga i sjette runde for å finne ein beslkta situasjon. Castro går ned i feltet, muligens lett teatralsk, og roper på straffe. I staden får han gult kort for filming, som no faktisk betyr at han må stå over mot Sarpsborg. Bilda var heilt tydelige; Han blei trampa på foten. E.spertane var eintydige; Han skulle ha fått straffe, ikkje kort. For Aalesund sin del ville det den gongen sannsynligvis ha betydd 3-0-leiing og høgst sannsynlig 3 poeng. Og ein betydelig tryggare følelse i laget i fortsettelsen av sesongen. Som dommerfeil er den saken og gårsdagens heilt likeverdige.
Alle kan gjere feil, men lureri er fjusk og er mykje verre. Det meiner vi alle i vår del av verda, inkludert meg.
Då får vi ty til aldri så lite whatsaboutism. Eg har ikkje fulgt all verdens med på detaljane i andre lag sine kampar i år, men litt har eg fått med meg. Vålerenga-keeper Kjetil Haug var utspelt mot Mjøndalen. Då kaster han seg ned og held seg til hovudet, utan at noko har skjedd. Dommeren stopper spelet på grunn av hodeskade, og MJøndalen mister eit mål (og taper kampen 0-1). Komplett idiotisk og uforståelig handling som fekk si lønn. Eurosport-kommentatorane i etterkant påpeiker det same, men smiler og ler og kaller det "herlig kynisk". Hadde det kanskje vore på plass med aldri så lite fordømmlese? Kva med den billige straffa Bruno Fernandes skaffa Manchester United, som Solskjær forsvarte inn i parodien? Nokon som har sett eit kritisk spørsmål frå ein norsk journalist? (Engelsk fotball burde strengt tatt ikkje ha vore så interessant for norske journalister, men når dei først bryr seg burde denne vere opplagt.)
Så får eg leite opp ein situasjon eg neppe nokon gong gløymer. 20.august 2017. Aalesund hadde gått 5 kampar uten siger, Tromsø 9. Det er spelt ein times tid, Aalesund har utlikna til 2-2 og kjører kampen. Hans Nordbye utfordrer Mikkel Kirkeskov. Kirkeskov går inn i duellen, men trekker seg i det han ser han blir for sein. Norbye har også sett kva som er i ferd med å skje og kaster seg før kontakten som likevel ikkje skjer. Kirkeskov får sitt andre gule, Tromsø lager eitt mål 11 mot 10, Aalesund si rekke blir 13 kampar lang i staden for 5. I mitt hovud rykka vi ned på grunn av den dagen. Ekspertane var samde om at Nordbye filma og at kortet var feil. Men ingen fordømmelse. Kva er forskjellen?
Sa eg at filming er galt? Eg hater filming. Av prinsipp. Den som går mot oss skaper dei sterkaste følelsane. Mykje vanskeligare når d en går med oss. Hat synden, elsk synderen.
Så har vi lillebroren til filminga. Overspelet. Spelarar blir i og for seg tatt, og frispark/straffe er på sin plass. Men dei kaster seg når dei kunne ha klart å halde seg på beina, og går ikkje av vegen for å rulle ein meter eller to ekstra. Er dette galt? Dei er trass alt utsette for ein forseelse? Eg er like klar på dette. Hald deg for faen på beina om du kan!! (Eg skulle likt å sjå at dommeren hadde gitt straffe for ein slik forseelse og samtidig gitt gult kort til spissen fpor overspel.) Prinsippet er enkelt, men praksisen har dessverre ei stygg slagside. Dersom du held deg på beina får du sjelden frispark og aldri straffe. Sjølv om du blir ulovlig hindra så kraftig at du heilt tydelig mister sjansen du hadde. Det er eit dommerproblem, men eg forstår godt at det er vanskelig for dei og.
Vi vant i går. Eg er glad.
Beskjeden videre: Ver tøffe og ærlige, AaFK-spelarar! Ikkje gå i bakken når du ikkje skal. Særlig gjeld det Castro. Uansett om han gjorde noko gale ller ikkje i går, så er ryktet hans i fillebiter etter gårsdagens hendelse og fordømmelsen etterpå. Han kjem heilt sikkert til å miste straffer etter dette. Og då er det hans jobb at dommerane skal sjå klippet etterpå og oppdaga at "han blei visst tatt likevel". Kun slik kan han bygge seg opp igjen.
PS: Angående straff i ettertid var det heilt openbart at det ikkje ville skje. Fordi det ikkje er innafor regelverket. Eg er veldig open for å forandre regelverket på mange måtar. Blant anna for å kunne ta filming i ettertid. Men vi må til eikvar tid bruke det regelverket vi har. Det er ikkje nok å vere uenig med det.