Moderator: Arcturus

Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Guru » ons aug 19, 2020 14:12:02

Etter ein lang tenniskamp mellom Lars Bohinen og mannen med fotballjåen, kan det virke som om mannen med fotballjåen har fått matchball. Enkelte meiner til og med at han har to. Han skimter i alle fall sigeren i det ikkje altfor fjerne. Lars må ikkje berre stoppe desse matchballane. Det er fort gjort. Han er også nødt til å fortsette ein eventuell suksess med å snu kampen til sin fordel. Ellers vil det berre kome stadig nye matchballar for mannen med fotballjåen.


Om vi mimrer til dei nylige kampane våre:

Rosenborg på Lerkendal.
Vi syntest synd på oss sjølve etter denne. Vi gjorde som vi skulle, lyktes og tok ledelsen. Etter at vi hadde gitt den frå oss gav vi ikkje opp. Vi løfta oss frå å forsvare oss til siger til å angripe for å vinne. Med berre bittelitt oransje auge kan vi seie at vi spelte dei ut. Hadde dei på gaffelen. Men vi fekk berre eitt av dei minimum 2 måla vi trengte. Og dermed reiste vi heim med litt styrka sjølvtillit og samtidig litt svekka sjølvtillit. Og heilt utan poeng. Kun eit hederlig bortetap mot eit Rosenborg som aldri klarte å gjenta gladfotballen dei spelte i andre omgang mot Sarpsborg kampen før. "Den omgangen," sa Geir Hansen, "var dei der dei skulle vere." Mot oss var dei der vi ville dei skulle vere. I 75 av 90 minutt. Det var ikkje nok.

Viking på CLS.
2 mål til oss, 2 mål til dei, 2 tapte poeng. Prestasjonsmessig ikkje verst mot eit lag vi tabellmessig hadde veldig gode grunnar til å slå. Det hjalp oss lite. Kanskje vil det eine poenget vise seg viktig til slutt, endå meir sannsynlig vil dei to tapte kunne vere det. Vi var det beste laget, vi fortjente å vinne. Det kan vi ta med oss. Men det gjer ingen verdens forskjell om vi ikkje klarer å gjere om dei opplevelsane til poeng.

Sarpsborg i Sarpsborg:
Vi var griseheldige som holdt 0-0 til pause, 4 baklengs i andre omgang var likevel litt i overkant. Ein ynkelig kamp av oss. Forhåpentligvis årets siste ynkelige kamp.

Start på CLS.
Heldigvis vant vi kampen vi absolutt måtte vinne. Vi kom opp på same poengsum som dei. Litt flaks hadde vi, men litt flaks er ofte nødvendig for å få resultat. Deretter har vi ikkje hatt mykje flaks med deira poengsanking. Der vi har tatt 1 av 9 poeng sidan då, har dei tatt 6 av 12. dei er fortsatt nest sist, 5 poeng føre oss.


Så var det fokus dit det høyrer heime: Haugesund.
Dei var tippa frå medalje til nedrykksstrid før sesongstarten. Så langt ser det siste mest riktig ut. Dei er nummer 12 med 15 poeng. 8 poeng framføre oss, likevel er dei eit realistisk og endå meir nødvendig trofe for oss. Dei første 14 kampane deira kan vi dele i 5 korte bolkar. 2 gode, 3 dårlige. Dei er inne i ein dårlig no.

Dårlig bolk nummer 1, 2 tap:
Brann (h) 1-2, Bodø/Glimt (b) 1-6

God bolk nummer 1, 4 utan tap:
Kristiansund (h) 2-2, Sandefjord (b) 1-0, Start (h) 1-0, Odd (b) 0-0

Dårlig bolk nummer 2, 3 tap:
Molde (h) 0-3, Vålerenga (b) 0-1, Viking (h) 0-2

God bolk nummer 2, 3 utan tap:
Rosenborg (h) 1-0, Sarpsborg (b) 0-0, Stabæk (h) 3-1

Dårlig bolk nummer 3, 2 tap og teller fortsatt:
Mjøndalen (b) 0-1, Strømsgodset (h) 2-3


Haugesund er ikkje noko imponerende lag i år, aller minst dei siste kampane. I eurosportpodcasten "Indre Bane" anbefaler dei valium for Haugesund-tilhengerane. Det dei viser er dårlig, og det er store sjansar for at det går gale. Håpet deira no er at dei møter nettopp oss. Det blir beskrivd som ein svært viktig kamp for dei. For oss? Vi er allereie avskrivd. Men kanskje kan 3 poeng på laurdag endre på akkurat det.

Sandvik
Desler Fredriksen TiedemannHansen Stølås
Grindheim Pedersen
Velde Sandberg BergSande
Wadji

Leite for Berg Sande etter 65
Ammitzbøll for Stølås etter 65
Vejmola, Karamoko, Pallesen Knudsen, Gunnarshaug og Endresen på benken.


Dette er laget som tapte mot Godset sist. Alexander Ammitzbøll reduserte til 1-2 etter 83 minutt før Niklas Sandberg pressa fram eit sjølvmål på overtid. 2-2 holdt likevel ikkje inn.

Helge Sandvik kjenner vi. Han har 45 minutt for oss. Det er ikkje all verdens eg veit om spelerane deira- To år i obos har gjort noko med meg. Men syns å huske at Christian Grindheim (37) var kjent også før den tid. Alexander Stølås er ein mann som har fått skryt over tid. Har bikka 30, har spelt i Haugesund (FKH og Vard) heile karriera, og eg trur han gjekk glipp av mesteparten av forrige sesong med ei skade. Ulrik Fredriksen (21) er i den til dels irriterende store flokken av unge lovende spelarar som har vore innom Sogndal. Av den offensive kvartetten er Mads Berg Sande heilt ukjent for meg. Mulig Stålinho kjenner han litt. Trur dei var i Nest-Sotra saman. Niklas Sandberg er feinschmeckeren deira. Vi var enige med Ull/Kisa om overgang for han før 2018-sesongen. Men han var veldig klar på at kun eliten var aktuelt. Så Sandberg gjekk til Start, og Castro kom til Aalesund. Kristoffer Velde (20) er kanskje den farligaste speleren deira. 4 mål og 1 målgivende (sist kamp). At han speler med nummer 99 og ikkje har plass til fleire tatoveringer gjer at han er nødt til å overprestere konstant for å bli likt. Aller fremst speler Ibrahima Wadji. Han kom frå Molde sommeren '18 og laga 6 mål på 12 kampar. Det må vi kalle umiddelbar suksess. I fjor fortsatte han med 4 mål på 10 kampar. Heilt OK, men det trekker betydelig ned at han blei tatt i doping. Han er nylig tilbake etter dommen. Har spelt 4 kampar så langt, venter fortsatt på første målet.

Så kor gode er dei? Ikkje veit eg. Men ikkje bedre enn at vi bør ha gode muligheter til å klare jobben. Ein jobb vi uansett må klare, av hensyn til både oss sjølve og treneren vår. No er vi blitt ganske vande til å kjempe med ryggen mot veggen. Eg ser eit lite lys dei siste to kampane. Då har vi løfta prestasjonen under slike forhold. Mot Rosenborg klarte vi til tider å sleppe oss laus. Muligens fordi vi hadde fint lite å tape. Både fordi det var snakk om bonuspoeng, fordi vi låg under og fordi eventuelle fleire baklengsmål ikkje ville koste oss meir enn ein edå meir enestående målforskjell. No må vi atter ein gong få til ein god prestasjon, under endå større press enn tidlegare. Og ikkje minst: Resultatet må følge med.



Der begynte eg visst å snakke om dei elska oransje litt før enn planlagt. Det er greitt. Det er alltid tid til dei. Det lysner på skadefronten. Agdestein og Sæthre er dei einaste som definitivt er ute. Eg forventer også at Orry står over etter smellen for to veker sidan, medan eg antar at Holmbert er klar. Hatlehol sto over sist, men i og med at han blei vurdert heilt fram til kampstart er det overveiende sannsynlig at han er klar. Sidan sist er Sno og Bizoza tilbake frå karantene, ingen går andre vegen.

Kongshavn
Grønner Gretarsson Klinkenberg
Määttä Carlsen Bolkan Olafsson
Castro Fridjonsson Haugen


Det var laget som starta på Lerkendal. Izunna, Nenass og Karlsbakk kom inn etter kvart, og alle bidrog til den sterke avslutninga. Dersom 3 mann er ute, har vi att 23 spelarar å velge blant i A-stallen. Det er plass til 20, vilket betyr at det ikkje er plass til ein målmann og 2 utespelarar.

Ein mangel i år har vore kontinuitet. Vi har bytta spelarar kvar einaste gong, stort sett utelukkende på grunn av tilgjengelighet. Det har heilt sikkert ikkje hjelpt oss. Det kan vere grunn god nok åleine til å fortsette med dei same som mot Rosenborg. Men for oss som liker å spekulere er det nok av usikre posisjoner. Enkelte plasser fløymer det over av gode alternativ, andre plassar er det knapt nok til å fylle laget. Det aller første spørsmålet er valg av formasjon. 3-5-2 eller 3-4-3? Svaret gir seg på ingen måte sjølv, men med unntak av forrige kamp har vi vore trufaste mot 3-5-2 ei stund. Eg tar utgangspunkt i at det blir den denne gongen og.

Målmann
Strengt tatt har vi ikkje vrake nokon keeper i år. Andreas Lie fortsatte som førstekeeper då vi starta sesongen. Då Lie måtte stå over med vondt i armen kom Kongshavn inn, og der har han blitt stående også etter at Lie var klar igjen. Det var eit par spørsmålstegn med Lie då han sto. Kongshavn har enkelte styrker som Lie mangler, for eksempel tilstedeværelse i feltet. Dei siste kampane har det dukka opp spørsmål ved Kongshavn og. Det er for eksempel eit par straffesituasjonar der han har vore meir til stades enn det som godt er. Det er tøft å vere AaFK-speler, og keeperplassen er kanskje den aller tøffaste. Eg ser ikkje vekk frå at Andreas får tilbake plassen sin. Men eg heller mot at Kongshavn fortsetter, i kontinuitetens tjeneste.

Stopparar
Jonas Grønner og Daniel Gretarsson starter, ingen diskusjon. Så spørs det om Oddbjørn Lie eller Daan Klinkenberg tar den siste plassen. Oddbjørn leder 8-6 i starter så langt. Men i siste halvdel av sesongen så langt er faktisk forrige kamp han er plassert på benken. Heilt opent kven som blir valgt, men eg har ein følelse av at Lie er førstevalg. Men kontinuiteten...

Kantspelarar
Denne er ei nøtt. Vi starta sesongen med kun 3 alternativ til 2 plasser; Hatlehol, Sno og Olafsson. Ingen av dei har imponert. Eg tør til og med seie at ingen av dei har levd opp til forventningane. At det er ein vaskelig jobb er sjølvsagt ein formildende omstendighet, men til ingen hjelp. Dei siste 3 kampane har difor Isak Määttä fått velfortjent lov til å starte, og prestasjonane hans er minst på høgde med andre sine. Eg vil også lansere ein femte kandidat: Nenass. Endelig tilbake etter ein operasjon sist, og var heilt klart med på å vinne midtbanekrigen mot Tagseth, Holse og Åsen. Han har tidlegare gjort det godt som kant i 3-4-3, og det er ikkje veldig ulikt. Det frister meg å velge dei to ferskaste alternativa. Det vil overraske om trenerane tenker heilt likt.

Sentral midtbane
Carlsen er tilbake og viser at han er viktig.
Izunna og Nenass kom inn sist og viste at dei er gode.
Bolkan er - saman med Grønner - den einaste som har vore på bana kvar einaste kamp. Han var blant våre aller beste i sesonginnledninga, men eg sit litt med følelsen av forma er litt labrare no. Eller er det berre eg som har løfta lista?
Bizoza kom som ein rakett og fortjener absolutt ein plass.
Mutch var på benken sist, og då er plassen til laget kort. Det er svært lenge sidan sist han spelte kamp, men det han kunne i glansdagane burde vere meir enn godt nok. det er kanskje litt frøyt å utrope han til den beste speleren i ligaen. Vi får heller begrense det til "den beste midtbanespeleren i fylket". Vi må nok uansett vente litt med å sjå potensialet hans i full blomst.
det er lett å gløyme Markus Karlsbakk. Det skal vi ikkje gjere. Det han har vist når han har fått sjansen står ikkje tilbake for nokon.
Niklas Castro skal sjølvsagt spele. Spørsmålet er berre posisjon.
8 mann nevnt. Eg ville ha hatt god samvittighet uansett kven eg hadde valgt. Føler meg rimelig sikker på at Carlsen er ein av dei.

Spissar
2 plassar, 3 mann å velge i. Reelt sett 2 om 1 plass, for Holmbert er bombesikker. Skal Sigurd Haugen starte? Han er nominert til "speleren som har skuffa oss mest så langt". 1 mål på 12 kampar, derav 9 frå start, er ikkje godt nok. Sjansen han bomma på sist er eit godt eksempel. Ein serie av suboptimale ballberøringer i gode posisjoner. Rett og slett under forventning. Men det er ikkje vanskelig å verken sjå eller tru at det er meir der. Spørsmålet er om vi trur det kjem ut på laurdag.

Som nevnt for lenge sidan er det matchball mot Bohinen. Korleis påvirker det han? Vil det gjere han tøffare eller feigare i valga sine? Klarer han å treffe taktikken? Mot Rosenborg gjekk den biten heilt greitt. Der kom det også eit nytt grep. Lange utspel frå femmeter kvar gong ballen var over linja vår. Det er eit brudd mot tankane han har tenkt så langt, noko som er eit bittelite skår i imaget hans som sta og upåvirkelig. Fortsetter han med det same? Kan det vere andre grep på veg?

Og korleis påvirker det spelerane? Kniven på strupa. Litt på dei sjølve, aller mest på trenerane. Blir dei tøffare eller feigare? Tør dei ta ansvar, klarer dei å sleppe seg lause? Den mentale biten er alltid viktig. Endå viktigare når situasjonen blir så vanskelig som den har blitt. Vi treng leiarar på bana som klarer å dra med seg laget, både når ting går med oss og mot oss.

ALie
Grønner Gretarsson Klinkenberg
Nenass Bizoza Carlsen Karlsbakk Määttä
Castro Fridjonsson


Det er valget mitt denne gongen. Kall meg gjerne romantiker.
Nokon veit bedre enn andre

kazzi
Innlegg: 409
Registrert: lør apr 12, 2014 09:49:34

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av kazzi » ons aug 19, 2020 19:31:13

Flott innlegg guru som alltid!
De er inspirerende hver enste gang og jeg får vanligvis en godfølelse når jeg ser at en ny kamptråd er opprettet. Ja, jeg gleder meg faktisk å lese dine reflekterte, velbegrunnede og noen ganger ironiske synspunkter!

Dessverre har det gått så langt at jeg mista alt håp i år. Likegyldig, fortapt, dommedag osv.

Sandefjord startet en god seiersrekke. Og hvem slo dem først? Jo Aafk.
Haugesund er i akkurat samme situasjon. Begredelig rekke over flere kamper. Aafk står historisk sett klare til å gi hvert lag ett boost som trenger hjelp/selvtillit.

Jeg håper ikke det skjer, men alt ligger til rette for at Haugesund snur kjerringa

Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Guru » ons aug 19, 2020 20:04:38

kazzi skrev:
ons aug 19, 2020 19:31:13
Sandefjord startet en god seiersrekke. Og hvem slo dem først? Jo Aafk.
Mjøndalen starta ei god seiersrekke. Og kven slo dei først? Jo, Haugesund!
Nokon veit bedre enn andre

Crazy Horse
Innlegg: 80
Registrert: fre mai 29, 2009 23:18:53

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Crazy Horse » ons aug 19, 2020 21:02:21

Jeg sitter og leser Josimar - syns dette sitatet kan passe:
«... frustrasjonen over alt det eit fotballag kan mislukkast med utgjer eit viktig grunnlag for lidenskapen, ettersom det forsterkar det magiske ved augneblinken då laget endeleg lukkast.»
Dag Solstad


Sent from my iPhone using Tapatalk
Hey hey, my my

weasel
Innlegg: 1232
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av weasel » ons aug 19, 2020 23:18:05

Kjenner håpet lever uansett. Hvis vi begynner å plukke poeng og andre begynner å misse så ... Haugesund er et lag vi bør klare å slå.

Orange
Innlegg: 1329
Registrert: man feb 04, 2002 14:21:41

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Orange » fre aug 21, 2020 09:07:10

Etter denne kampen har vi møtt alle de andre lagene i Eliteserien en gang. Halvspilt serie (bortsett fra at Molde og Start allerede har hatt sin kamp nummer to mot hverandre, og tyvstartet høstsesongen).

Nøkkelkamp. Haugesund har hatt en relativt svak sesong, og vaker rett over nedrykksplassene. Vinner AaFK er vi bare fem poeng bak de. Vi har fortsatt halvparten av kampene igjen, og har muligens begynt å finne flyten. Blir det derimot et nytt tap på hjemmebane, er vi desidert sist etter å ha møtt alle de andre lagene, distansen oppover på tabellen øker stadig. Slik kan fotballen være. En seier fra og til kan utgjøre den store forskjellen.

Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Guru » fre aug 21, 2020 10:54:33

Eg drøymte så fint i natt.

For det første slår vi Haugesund på laurdag.

Det slutter ikkje der.
Bodø/Glimt slår Start.
Strømsgodset slår Viking.
Rosenborg slår Mjøndalen.
Vålerenga slår Sandefjord.
Kristiansund slår Sarpsborg.

Livet er lysare allereie :D
Nokon veit bedre enn andre

Online
Abderrazak Matzerath
Innlegg: 1087
Registrert: tir apr 02, 2013 13:14:30

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Abderrazak Matzerath » fre aug 21, 2020 17:49:08

Haugesund-trener Grindhaug blir ikke med til Ålesund:
https://www.vg.no/sport/i/0neLKo/fkh-tr ... i-bakhodet

Omtrent på nivå med vannbøtta på CLS?

olav60
Innlegg: 156
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av olav60 » fre aug 21, 2020 20:23:44

Tom Erik Hagen som dommer. En rimelig fornuftig mann
Selv Fagermo innså det!
https://www.youtube.com/watch?v=gaQX0oma3co

Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Guru » lør aug 22, 2020 00:57:28

ALie
Grønner Gretarsson OLie
Sno Bizoza Carlsen Bolkan Määttä
Fridjonsson Castro


Slik trur Sunnmørsposten vi stiller.

Agdestein, Sæthre og Orry er uaktuelle.
Nokon veit bedre enn andre

platini
Innlegg: 396
Registrert: lør mar 14, 2009 11:12:37

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av platini » lør aug 22, 2020 10:17:33

D-dagen er kommet. Kun 3 poeng er godt nok til at håpet fortsatt skal leve minst en uke til. Uten seier er det minst 96% sjanse for at vi er OBOS-lag neste sesong og kanskje i maaange år, i verste fall kan vi bli et nytt FFK eller Moss..Uff. Det litt merkelige pr i dag er at hele 9 lag har scoret færre mål enn oss til nå, i andre enden ser vi at ingen har sluppet inn så mange mål som oss. frykten for å feile og få dommeravgjørelser i mot har spredd seg i forsvaret, usikkerheten for å feile og få det første baklengsmålet "unnagjort" ligger tjukt utenpå draktene. I dag er det bare "å peise på" og samtidig vise disiplin slik vi kan spille med 11 mann kampen ut. Tror dette kan bli en "gysare". Den første av de to matchballene på 8 dager MÅ vinnes. Kort og godt. Fasiten får ca kl 19.50 i kveld..

Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Guru » lør aug 22, 2020 10:21:07

Guru skrev:
lør aug 22, 2020 00:57:28
ALie
Grønner Gretarsson OLie
Sno Bizoza Carlsen Bolkan Määttä
Fridjonsson Castro
Troppen er klar.

Det blir ein kruttsterk benk denne gongen. Litt tynt i forsvaret med kun ein stopper i reserve. Ellers kan vi bytte heile laget med spelarar vi gjerne kunne ha starta med.

Her er den nevnte benken, dersom Sunnmørsposten treff med dei 12:
Kongshavn, Klinkenberg, Hatlehol, Olafsson, Izunna, Mutch, Nenass, Karlsbakk, Haugen
Nokon veit bedre enn andre

olav60
Innlegg: 156
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av olav60 » lør aug 22, 2020 11:23:47

Det er vel det som er problemet i AaFK ? Vi har en haug med OBOS -spillere, men bare Fridjonsson er skikeig god nok for ES
Ligger det ikke til rette for å utvikle seg i AaFK?

rogerlima
Innlegg: 309
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av rogerlima » lør aug 22, 2020 12:18:13

Kun kampomtale her inne. Jeg spår tett batalje i dag og knepen AaFK-seier. Har for første gang på lenge litt troa på poeng.

Guru
Innlegg: 9454
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Guru » lør aug 22, 2020 14:04:20

platini skrev:
lør aug 22, 2020 10:17:33
D-dagen er kommet. Kun 3 poeng er godt nok
1 er ingenting, 3 er alt.

Vegen til resultat - over tid - går gjennom prestasjoner. Det er dei vi kan påvirke. Det er der fokus nå ligge.

Likevel, det er resultata vi lever av. No meir enn nokon gong før. «Vi ikkje vinne», er ofte svaret når nettopp det er spørsmålet. I dag trur eg det er vanskelig å få det svaret. For no må vi faktisk. Det vil vere svært lite trøst i prestasjonen i dag dersom resultatet blir feil.

Vi veit dette. Spelerane veit det. Trenerane veit det. Likevel må fokuset ligge på prestasjonen.
Nokon veit bedre enn andre

kazzi
Innlegg: 409
Registrert: lør apr 12, 2014 09:49:34

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av kazzi » lør aug 22, 2020 14:12:29

Vi er ubeseiret i de 2 siste hjemmekampene... betyr kansje lite nå mtp hvor store utfordringer vi har ellers. Men Lars og qo må jo starte ett sted!

(Jeg er forsiktig pessimist nå. Var akterutseilt for noen dager siden)
Lykke til i dag!
Tips 2-2

weasel
Innlegg: 1232
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av weasel » lør aug 22, 2020 15:38:24

I dag blir det storseier til oss, tipper 5-1 og tre av Fridjonsson. Ketchupeffekt og greier.

Online
Abderrazak Matzerath
Innlegg: 1087
Registrert: tir apr 02, 2013 13:14:30

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Abderrazak Matzerath » lør aug 22, 2020 16:56:45

Laget:
1 Andreas Lie
2 Shaquill Sno
3 Daniel Leo Gretarsson
4 Jonas Grønner
5 Oddbjørn Lie
8 Fredrik Carlsen
9 Niklas Castro
10 Holmbert Fridjonsson
11 Simen Bolkan Nordli
20 Parfait Bizoza
38 Isak Dybvik Määttä

Benken:
Daan Klinkenberg, Nenass, Jordon Mutch, Jørgen Hatlehol, David Kristjan Olafsson, Sigurd Haugen, Gudmund Broks Kongshavn, Izunna Uzochukwu, Markus Seehusen Karlsbakk.

olav60
Innlegg: 156
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av olav60 » lør aug 22, 2020 17:04:31

rogerlima skrev:
lør aug 22, 2020 12:18:13
Kun kampomtale her inne. Jeg spår tett batalje i dag og knepen AaFK-seier. Har for første gang på lenge litt troa på poeng.
Kun kampomtale og spådommer fra spåkjerringer? :)

rogerlima
Innlegg: 309
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av rogerlima » lør aug 22, 2020 17:11:40

olav60 skrev:
lør aug 22, 2020 17:04:31
rogerlima skrev:
lør aug 22, 2020 12:18:13
Kun kampomtale her inne. Jeg spår tett batalje i dag og knepen AaFK-seier. Har for første gang på lenge litt troa på poeng.
Kun kampomtale og spådommer fra spåkjerringer? :)
Stemmer! Vi heier på spåkjerringene i dag🎉

olav60
Innlegg: 156
Registrert: søn jul 07, 2019 21:08:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av olav60 » lør aug 22, 2020 17:14:44

Ja,det blir det poeng av :)

SandMan65
Innlegg: 465
Registrert: søn apr 10, 2005 03:13:59

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av SandMan65 » lør aug 22, 2020 17:22:09

olav60 skrev:
lør aug 22, 2020 17:04:31
rogerlima skrev:
lør aug 22, 2020 12:18:13
Kun kampomtale her inne. Jeg spår tett batalje i dag og knepen AaFK-seier. Har for første gang på lenge litt troa på poeng.
Kun kampomtale og spådommer fra spåkjerringer? :)
Skal ikke kimse av spåkjerringene! Husk det er på tribunen de beste ekspertene sitter! Hadde flertallet på tribunen fått bestemme hadde vi nok ikke ligget i bunnen i dag..gliiiz.. :D

Har trua i dag, og mitt ekspert-tips er seier 3-2. :D

rogerlima
Innlegg: 309
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av rogerlima » lør aug 22, 2020 17:50:17

Dobbel dose Lie i dag. Lukter Obos dette. Nå fikk min optimisme fra tidligere i dag seg et skudd for baugen. Men jeg banker i bordet og ønsker alle sammen lykke til!

Ravnen
Innlegg: 23
Registrert: søn jul 19, 2020 09:54:05

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Ravnen » lør aug 22, 2020 18:04:02

Jeg har vert skeptisk til Andreas Lie. Har sluppet inn alt for mange slurvemål. Er ikke like mye futt i han som Kongshavn. Men lager i det minste ikke straffer...

weasel
Innlegg: 1232
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av weasel » lør aug 22, 2020 18:06:57

olav60 skrev:
lør aug 22, 2020 17:04:31
rogerlima skrev:
lør aug 22, 2020 12:18:13
Kun kampomtale her inne. Jeg spår tett batalje i dag og knepen AaFK-seier. Har for første gang på lenge litt troa på poeng.
Kun kampomtale og spådommer fra spåkjerringer? :)
😄

rogerlima
Innlegg: 309
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av rogerlima » lør aug 22, 2020 18:15:48

Sno👏

weasel
Innlegg: 1232
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av weasel » lør aug 22, 2020 18:26:14

Tabbe Lie tilbake hurra😖

rogerlima
Innlegg: 309
Registrert: lør aug 03, 2019 14:39:14

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av rogerlima » lør aug 22, 2020 18:31:22

weasel skrev:
lør aug 22, 2020 18:26:14
Tabbe Lie tilbake hurra😖
Vil ikke akkurat kalle det en Lie-tabbe. Gretarsson derimot er en skygge av seg selv sammenligna med i fjor.

weasel
Innlegg: 1232
Registrert: tir okt 29, 2013 23:49:27

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av weasel » lør aug 22, 2020 18:34:52

Han slepper seg bed og ballen går over fingertuppene på han. Ikke første gang heller. Gretarson suger balle i forkant.

Lokalfotball
Innlegg: 125
Registrert: fre jan 17, 2014 12:26:17

Re: 15 - Aalesund vs Haugesund - Laurdag 22.august 18.00

Legg inn av Lokalfotball » lør aug 22, 2020 18:38:40

Nok er nok, det her gidder jeg ikke se på lenger... Har ikke noe med spillerene å gjøre eller laget, men det forbanna handlingslammede styret! Bohinen forlenges ikke likevel, så få det bort. Det må vell være mulig å få noen til å bidra økonomisk for å kvitte seg med Bohinen. LAN er ledig nå, ikke om 3-4 måneder.... FÅ DET BORT

Svar