Moderator: Arcturus

Svar
Guru
Innlegg: 9253
Registrert: man jan 26, 2004 22:46:57

obos-ligaen 2020

Legg inn av Guru » ons jan 08, 2020 09:50:13

Joda, vi har kome oss opp frå kjelleren (som vi heldige kan kalle landets nest øvste divisjon). Men etter eit langt opphold der nede kjenner vi den mykje bedre enn vi gjorde for ikkje lenge sidan. Det er faktisk ganske mykje interessant som skjer der. Spennende lag, spennende spelarar og - ikkje minst - spennende historier.

Av dei 16 laga som var der i fjor er 6 bytta ut. Lillestrøm, Tromsø og Ranheim kom ovanfrå, Grorud, Stjørdals-Blink og Åsane nedanfrå. I tillegg har Øygarden new name for Nest-Sotra. HamKam, Jerv, KFUM Oslo, Kongsvinger, Raufoss, Sandnes Ulf, Sogndal, Strømmen og Ull/Kisa er resten av feltet.

Så korleis går det? Det er sjølvsagt opprykksstriden som er mest spennende. Både fordi den angår oss eliteserielag mest, og fordi det alltid er eit ekstra desperat rotterace når tre nynedrykka lag skal kjempe om kun to trygge plassar.

Lillestrøm bør vere favoritten. Det virker som om troppen består, og dei har fått inn ein ny og anerkjent trener. Det usikre er sjølvsagt korleis dei takler nedrykket. Dei har 45 strake eliteseriesesongar bak seg, og det er over 50 år sidan dei sist rykka ned. Det kan sjølvsagt også vere at økonomien er eit problem. Dei får med seg lokaloppgjer mot Strømmen. Det er kjekt. For Strømmen.

Tromsø er det andre store navnet. Deira posisjon er litt meir skjør. "Fast" i eliten, men spelte på nivået under både i 2014 og 2002. Dette er einaste unntaka sidan dei eliteseriedebuterte i 1986. Vi kan seie at obos-sesongane kjem stadig tettare. Dei har kjempa mot nedrykk kvart år sidan dei kom opp sist. Publikumsstøtta er merkbart fallende. Dei mister fleire spelarar. Økonomien er skral, og det påstås at det er grunnen til at dei ikkje sparker treneren. Samtidig har dei fått inn Eric Kitolano og jobber med Fitim Azemi. Det er skjørt. Kan gå godt, kan gå gale. Det bør helst gå godt, for eg er ikkje sikker på at dei har rygg til å tole tøff satsing meir enn eitt år, knapt nok det.

Ranheim er den tredje favoritten. Navnet deira er langt frå like stort, verken på klubb eller spelarar. To år i eliten etter eit "tilfeldig" opprykk etter at dei kom via fjerdeplassen og slo Sogndal i kvaliken. Her er det heilt opent. Dei har vist at det går an å prestere med trøndarar på bana. Og at det går an å rykke ned. Dei to sesongane er eit historisk høgdepunkt. Det kjem litt an på korleis klubben takler det. Puster dei ut, seier "det var gøy, men slitsomt" og går tilbake til den meir behagelige posisjonen som nummer-to-i-byen som vil gjere det bra i obos? Eller har dei fått eliteserieånden såpass inn at dei klarer å halde momentum trass eit midlertidig tilbakslag? Dei kan vinne heile divisjonen. Eller kjempe mot nedrykk. Økonomien bekymrer meg ikkje, sjølv om dei kjem til å bruke mindre pengar enn begge dei tidlegare nevnte.

Er det nokon som kan lage trøbbel for trioen?

Alt burde ligge til rette for Sandnes Ulf. Stor by i ryggen, etablerte seg nesten i eliteserien med tre sesongar oppe 2012-2014. Men det har vore skuffande prestasjonar sidan den gong. 7-4-5-10-9 er plasseringane sidan då. No har dei erstatta Bengt Sæternes som har trent dei det meste av (heile?) denne perioden. Men Steffen Landro som har utført underverk etter underverk med Nest-Sotra. Det ser i utgangpunktet svært lovende ut, men samtidig er kvar klubb ei ulik utfordring. At ein trener passer ein plass er ingen garanti for at han gjer det ein annan. Forskjell nummer to er ny stadion. Den har vore i fokus dei siste sesongane. No er den endelig klar for bruk. I beste fall kan det gi ein boost.

Sogndal rykka ned saman med oss, men har mista litt piffen. Det gjer dei av og til, og då er det ofte eit spørsmål når dei får den tilbake. Sidan dei eliteseriedebuterte i 1982 er dette den åttande perioda deira nede. 3 gongar rykka dei opp på første forsøk, 2 gongar på andre. Dei resterende periodene var 5 sesongar (1983-87) og 6 sesongar (2005-2010). No skal dei gjere forsøk nummer 3, og dei er ikkje meir enn ein outsider. Det har vore uro i klubben. Eirik Bakke har vore ute og irettesatt omgivelsane. Kanskje drar dei i same retning no. Ikkje veit eg.

Kongsvinger og Ull/Kisa er outsiderane. KFUM Oslo og, om dei klarer å følge opp sesongen i fjor. Den var imponerende, og det virker faktisk å vere ein klubb på vei opp. Ting skjer ikkje tilfeldig.

Då er halvparten av laga nevnt. Tipper dei fyller alle dei 6 plassane som gir opprykk og kvalik.
Nokon veit bedre enn andre

Brukeravatar
Bent
Innlegg: 693
Registrert: ons jan 30, 2002 13:04:59

Re: obos-ligaen 2020

Legg inn av Bent » ons jan 08, 2020 17:17:57

Kongsvinger vil være den store utfordreren til å rykke rett opp. De har hentet inn en god del gode spillere og har bygget stein på stein.
Mitt tips: KIL i ES 2021

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 495
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: obos-ligaen 2020

Legg inn av Even beinløs » tor jan 09, 2020 21:54:16

Fenomenal oppramsing, Guru!

Er det kun meg som innbiller seg at vi skal være glad for at vi ikke er i OBOS i år. Ser sterkere ut....
(ref. Guru & Bent sine innlegg)

AsE987
Innlegg: 1535
Registrert: tir jan 05, 2010 21:02:12

Re: obos-ligaen 2020

Legg inn av AsE987 » fre jan 10, 2020 11:48:30

Føler også det er en sterk liga i år. Det skyldes i hovedsak at TIL og LSK er "store" klubber i mine øyne, som ikke hører hjemme i Obos. Blir meget overrasket om de ikke tar 1 og 2. plassen, i den eller motsatt rekkefølge..

Galiat
Innlegg: 16863
Registrert: lør jan 10, 2004 21:41:00

Re: obos-ligaen 2020

Legg inn av Galiat » fre jan 10, 2020 22:57:01

Hadde Aafk vært i obos ligaen hadde jo mest sannsynlig ikke Lsk vært i obos ligaen.Dårligere en 3 plass hadde vi ikke kommer.og da hadde vi nok spilt kvalik mot lsk.Så begge laga hadde ikke spilt i obos ligaen.Og Tromsø og Ranheim er ikke bedre en Sandefjord og start,når start slo lsk slik at 3 lag rykka opp.Så blir nok veien opp for Sogndal enda vanskeligere,Ranheim har lite tradisjon og vil nok slite.Mens Tromsø og lsk bør rykke opp

Brukeravatar
Even beinløs
Innlegg: 495
Registrert: lør jun 25, 2005 19:09:16

Re: obos-ligaen 2020

Legg inn av Even beinløs » lør jan 11, 2020 18:59:21

Ja p.t. virker det som om Sogndal blir akterutseilt ,hvis de fortsatt har målsetning å rykke opp.
Hva med trener Bakke?
Han har virket umotivert det siste året....

Svar